Ein
tidlegare kollega er tilbake i hovudstaden etter juleferien og twitrar
følgjande korte karakteristikk av hybellivet i januar: Kjex og singelliv.
Det er som eit heilt gammaldags handskrive
brev, komprimert til 16 tastetrykk. Men det
er ikkje normalen. Korleis kan dei gode formuleringane overleve i den
elektroniske tidsalderen? Det er brei
semje blant dei gamle og kloke om at den gode historia er død. Dei som finst
att av ordvridarar og bygdeoriginalar har for lengst har fått kontrakt med ein fjernsynskanal.
Men
enno kan det altså leverast treffande karakteristikkar. Det er berre det at no
blir ein kjapp replikk helst tasta på ein smartfon i staden for å bli avlevert
ansikt til ansikt. Før sat det folk i kommunestyresalen og venta tolmodig på ei
infam formulering. No sit dei aldri der lenger. Det har blitt for langt mellom drammane. Dei folkevalde går kommunerevisjonen
i næringa og vaktar seg vel for å seie noko dei kan bli tekne på. Men noko må
det likevel vere representantane flirer til når
dei får ei melding på mobilen som dei lattermildt viser fram til
partifellar.
Det var ein gong i tida at karane på
butikken i sine devoldtrøyer og blankeskjoldhuer kommenterte alt som fauk
forbi. Det kunne vere alt frå å eksteriørbedømme
ungjenter til å spa opp gammal sladder eller drive godmodig lytehumor mot einbeinte eller
trongsynte. Dette var generasjonen som
møtte opp fram på årsmøtet i Sunnmøre
Meieri for å fortelje at administrasjonen
var for stor og at dei gjorde for lite: ”Det einaste dokke meierifolkjet vil,
det e å sleikje ta rjømen og gå av med pensjon!”Etter slike salvar mot dei
mektige i landbrukssamvirket kunne dei reise heim og bli mottekne som heltar i
lokalmiljøet.
Ein ordførar skulle yte sin skjerv til fårikålmiddagen om
kvelden. Han gjorde ein avstikkar på butikken på veg til formannskapsmøtet for
å kjøpe eit par kålhovud: Du skal ikkje ha så mange at de blir vedtaksføre då,
spurde mannen bak disken. Det skulle tatt seg ut på Rimi i dag. Dama i kassa veit
alt om forventa servicenivå og er til
døden lojal overfor dei etiske grunnverdiane i konsernet.
Det har, må vi tilstå, alltid vore oss ei glede å lytte til drastisk bildebruk og
rabiate assosiasjonar, særleg når det blir framført i dagleg samvær og utan
betalande publikum. Det er noko eige over karen som skal fortelje kor stappande
mørkt det var. Han trivlar ei stund etter eit friskt bilde på mørke natta og så
brenner han laus: ”Det var så mørkt som skulle det vore inne ei lommelykt”. Ein
omfangsrik kar skulle ta bussen til byen. Han oppdaga at det ikkje var eit
einaste sete ledig og utbraut: ”Her var ein jammen ikkje trongde om å ta med
seg rau.”
No svirrar dei saftige replikkane og dei
greinalause samanlikningar elektronisk gjennom lufta og slår ned i mobiltelefonar og lesebrett nær oss. Men blunkefjes
og dialekt kan ikkje heilt erstatte den
menneskelege mimikken og kroppspråket. Eit fjes gir ein ekstra dimensjon til
historia, om så det er på Skype.
Ein av dei få stadene ein framleis må
framføre sine replikkar ansikt til ansikt er når ein er ute på oll. Men blant
dei mange hjelparane der ute på nettet er det også nokre som har samla
sms-meldingar som garantert gjer inntrykk på det motsette kjønn. Mange er ikkje
oppattakande. Men ved ein bar etter midnatt er det trass alt hormonane som er viktigast.
Først ein ganske ulogisk ein, i alle fall brukt
som sms: ”Eg har
mista telefonnummeret mitt, kan eg få ditt?” Så ein påtatt uskuldig og
sjølvbevisst ein: ”Trur du på kjærleik ved første blikk, eller skal eg gå forbi
igjen?”Og så ein søt og småfrekk: ”Det er så ryddig her. Skal vi gå og rote
litt!!
God helg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar