Dei farlege optimistane
I vår opplyste tid, trur vi ikkje på
dommedagsprofetiar, om så dei er aldri så godt vitskapleg underbygde.”
Pessimistar lever lengst, er det slått fast. Hadde det ikkje vore for alle dei uansvarlege
optimistane, kunne også vi sunne tunglyndte ha sett lysare på det.
Det er verste er heldigvis over for år, gratulerer vi kvarandre. Vi tenkjer ikkje
på ski-VM eller kvinnedagen, som var i går, men på mørketida. Det er ikkje
berre mørkret som er på vikande front. Kulden er også i ferd med å sleppe taket.
I år har det vore makelaust kaldt makelaust lenge. Så hustre har det vore at eit tolv timar langt fjernsynsprogram
om ved fekk oss norske tradisjonalistar til å kutte fredagskrimen og kose oss i lyset
frå eit peisbål i repeat på skjermen.
Det kalde og stille vêret i vinter er så mot
normalt at vi i meir overtruiske tider ville meint det var eit endetidsteikn.
Vi ville ha gjort bot og lova betring. I vår opplyste tid, trur vi ikkje på
dommedagsprofetiar, om så dei er aldri så godt vitskapleg underbygde. Vi trur
det vi helst vil. Og mange av oss likar ikkje å tru det verste.
I heile vinter har folk hutra
og slått floke og etterlyst den globale oppvarminga. Klimaskeptikarane har fått
nye argument å slå i bordet med: Varmare klode? Det er berre noko klimaforskarane
har funne på for å få pengar til å forske fram endå meir elendigheit. Klimaforsking
er rein svindel og mafiaverksemd, kan vi
lese i overraskande skråsikre ytringar i kommentarfelta på nettet. Kom ikkje her og fortel at temperatursvingingar
er noko anna enn normale variasjonar. Somrane var alltid varmare då vi var små.
No går vi berre og kulsar. Er det klimaendring på gang er det meir sannsynleg
at vi går mot ei ny istid!
Slik argumenterer det sunne folkevitet med
vitskapen. Det hjelper lite at klimaforskarane gong på gong står fram i sekk og
oske og fortel oss at alt vi slepper ut, får vi mykje truleg igjen i form av
smeltande polar, ørkenspreiing og ekstremvêr. Dei har nøyaktige målingar og
deprimerande statistikk å leggje fram. Rammar ikkje den globale oppvarminga
oss, rammar det barn og barnebarn. Det er kompliserte saker og det er vanskeleg
å vite heilt sikkert kor gale det blir. Men i verste fall går det riktig ille.
I beste fall blir det frykteleg dyrt. Men så snart klimaforskarane har sagt
sitt, sprett det opp ein pensjonert oljearbeidar med førti års erfaring frå
vind og vêr og veit betre. Han kan leggje
fram meteorologiske data som ein tannlege i Haugesund har samla inn i sin eigen
hage og som viser det stikk motsette av det klimaforskarane har sagt.
Debattklimaet er så tøft at klimaforskarane vegrar seg for å gå ut
i offentleg diskusjon, seier ein bekymra professor og klimaforskar Helge Drange
ved Universitetet i Bergen. Det er vanskeleg å nå fram med vitskapleg
argumentasjon. Bastante meiningar utan dokumentasjon går betre heim i det breie publikum enn ganske
eintydige forskingsresultat.
Men kven er dei, desse frykta debattantane
som skremmer vitskapen ned frå talarstolane? Det er det også forska på. I ei
gransking, nettopp publisert i tidskriftet Psychological
Science, fann forskarane eit påfallande samanfall mellom klimaskepsis og
tru på konspirasjonar. Det viste seg at klimaskeptikarane ikkje berre er
skeptiske til den globale oppvarminga. Dei er også skeptisk til at røyking kan føre til kreft og at prinsesse
Dianas død var ei ulukke. Det stod nok ei samansverjing bak, meinte langt fleire
klimaskeptikarane enn andre av dei spurde.
Undersøkinga var ikkje før
presentert, før forskaren og heile den australske regjeringa vart skulda for å
ha rotta seg saman mot klimaskeptikarane for å stemple dei som konspirasjonstenkjarar.
Det
at ein er paranoid, betyr ikkje at dei ikkje er etter deg. Men det kan også bety
at ein er ein tanke i utakt med sunn fornuft. Eit optimistisk syn på livet kan
ha sine fordelar. Men når framtida står på spel, er det alltid det klokaste å
vere føre var, så ein ikkje blir hengande etter med rumpa bar. (Sunnmørsposten 9.3.2013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar