Det er på hagefest som elles i livet: Best å vere kvitkledd og edru og ikkje tenkje for mykje på andre.
Naturen er full av interessante
spørsmål. Eitt av dei mest brennande som naturvitskapen no augnar svar på, er
kva som kjenneteiknar dei stakkars menneska som verkar spesielt forlokkande på
mygg og knott. Emnet er høgaktuelt i fellesferien. Det er ingen tvil om at
enkelte menneske er meir heimsøkte av surrande insekt enn andre. Det store
spørsmålet er kvifor.
Søtt blod.
Teoriane har vore mange: Kor mange gongar har vi til dømes ikkje høyrt på folk
som slår vilt om seg med gaffel og biffkniv og årsaka seg med at dei har så
søtt blod i årane?
Det som rettferdiggjer utagerande
framferd med hyl og svingslag over reker og sommarkotelettar, er at myggen og
knotten er spesielt er ute etter akkurat deira blodtype. Desse djupt plaga
menneska forskansar seg gjerne inst i kroken og omgir seg ei bedøvande lukt av myggspray
og andre kjemiske stridsmidlar. Til og med ikkje-røykjarane mellom dei finn det
nødvendig å kjederøykje sigarillos under måltidet.
Søtt blod er ei plage på lik line
med pollenallergi og høysnue og eit trugsmål mot livskvalitet og friluftsliv. Gudane
veit om dei ikkje også er ekstra mottakelege for den livstrugande flåtten, som
i likskap med mordarsniglen okkuperer folk og land og tvingar innbyggjarane inn
i ein kronisk alarmtilstand som varer heile ferien.
Surrande insekt. Slikt snakkar vi om rundt dei tusen hagebord i desse dagar. Alle er
plaga av surrande insekt, men det er utan tvil enkelte som er meir plaga enn
andre. Derfor kjenner vi ansvar for å fortelje kva vitskapen seier om samanhengen
mellom søtt blod og mygg. Det er ingen samanheng. Om søtt blod i det i det
heile finst, har det lite å seie for kven myggen og knotten vel seg ut som
blodgivar. Derimot er det ei rekkje andre fellestrekk hos dei som tiltrekkjer
seg mygg og knott, kan fersk forsking fortelje og det er god grunn til at klegg,
kvefs og humle tenkjer på same måten.
Det er klare indikasjonar på at dei
ofte svaksynte blodsugarane oppfattar svartkledde som noko i retning av storfe
som dei reknar som spesielt gode leverandørar av friskt blod. Tiltak 1: Kle deg
i lyse gevantar. Prøv så godt du kan gjennom klesdrakt og oppførsel å
understreke at du ikkje er hest eller ku.
Det er også indikasjonar på at
mygg og knott i likskap med sine tobeinte offer likar alkohol. Tiltak 2. Drikk
Munkholm heile kvelden. Lettøl har også færre kaloriar. Jamfør tiltak 1.
Feromon. Endeleg
meiner vitskapen også at myggen reagerer på menneskelege feromon. Dette er
duftstoff som menneske og dyr meir eller mindre umedvite sender ut for å signalisere
til dømes at dei kunne ha tenkt seg eit aldri lite eventyr i løpet av kvelden.
Om ingen andre i selskapet reagerer, let i alle fall myggen seg ikkje be to
gongar. Tiltak 3: Tenk på noko anna, til dømes restskatten, myggplaga eller alt
du ikkje rakk før du gjekk ut i ferie. For all del: Ikkje så mykje som ein
tanke på det motsette kjønn!
No er det nemleg slått vitskapleg
fast at mygg og knott går mest etter dei dei mørkkledde, småfulle og småkåte.
Mange er i risikogruppa. Vi nemner i fleng: Medlemmer i MC-klubbar, gravferdsagentar,
tungrockararar og utstillingskuratorar. Å vere på sjekker’n på utekafé med den
stilige kombinasjonen halvliter, svart t-skjorte og solbriller er kanskje den
verst tenkjelege.
No som alltid er det tryggast med striskjorta
og havrelefsa og å sky alt som minner om alkohol og sex. Hald deg berre til den
smale sti, så får du mange færre stikk!
(Smp 13072013)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar