søndag 23. august 2015

Ordførarslitasje


 
Valkampen er over oss. Nærare karneval kjem vi ikkje her oppe i det protestantiske nord.

I sol og regn står dei der, politikarane, under sine parasollar og deler ut drops og nysteikte vaflar til oss som passerer forbi. Dei har på seg sitt penaste sommartøy  og døgnopne sommarsmil. I desse haustvekene er det ikkje nei i deira munn.

Konkurranse. Dei turnar gladeleg på plenen eller deltek i rokonkurranse om dei blir spurde om det av lag eller organisasjonar for å skape blest om ei god sak. Dei let seg fotografere på vasscooter eller bak spakane i ein gravemaskin for å understreke eit poeng. Dei vågar aldri seie nei til tøvete tvikamp med politiske konkurrentar, anten det no er morellsteinspytting eller triksing med ball. Ingen valkamp er komplett utan ein knokkelkamp mellom dei blå og dei raude slik at folk med greie på fotball skal få noko å le av. Politikarar må for all del ikkje ta seg sjølve alvorleg. Redaktøren i lokalavisa går med hovudet høgt. No kjem innhaldet i avisa, gratis og ferdigtygd, som rekande på ei fjøl. Frå å vere hoggestabbe og syndebukk, er redaktøren i desse vekene den personifiserte fjerde statsmakt som vaktar demokrati og menneskerettar og er sjølvskriven  som nådelaus utspørjar  i den store partidebatten.

Karneval. Det er ei eventyrleg tid og det næraste vi kjem eit karneval her i det nøkterne og protestantiske Nord-Europa. Valkampen er ei tid for draumar og luftige ambisjonar. No skal det bli nye og betre tider for eldre og småbarn. Fleire varme hender skal ta seg av oss. Skulen skal rustast opp, det skal lukte nybakte bollar i institusjonar og barnehagar og nylagt asfalt i alle bygdelag. På slike dagar snakkar vi ikkje om pengemangel. Kommunegjelda, som for nokre månader sidan hadde greske dimensjonar, går ingen til val på. Ufreden rundt kommunesamanslåing er heller ikkje eit tema. Det skal politikarane ta stilling til utan innblanding frå veljarane om eitt års tid.

Slitasje. Institutt for samfunnsforsking la nyleg fram ein studie om val og veljarar under stortingsvalet 2013. Dei konkluderte med at det ikkje var ”opinionsmessige forskyvninger” som førte til regjeringsskiftet for to år sidan. Det hadde ikkje vore noka høgredreiing i folket. Veljarane hadde ikkje blitt meir positive til privatisering. Dei var godt nøgde med Stoltenberg-regjeringas økonomiske politikk. Det var ikkje Erna sin politikk som førte til at ho vart vinnaren i valet.  Veljarane ville berre ha eit nytt andlet på statsministerkontoret.

 Den viktigaste grunnen til at Erna knuste Jens, var det  fenomenet vi kjenner som  regjeringsslitasje. Det er ingen grunn til å tru noko anna enn at det same er tilfelle i lokalval. Vi kan kalle det ordførarslitasje. Det er ikkje politikken, men fjesa vi vil endre.. Folk tenkjer som dei alltid har gjort. Ti sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tenker annerledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager skreiv Sigrid Undset. Fornufta synest kommuneøkonomien er så dårleg at det ikkje finst politisk styringsfart og at det blir hipp som happ kven vi vel. Då er det med hjartet vi må velje.  

Billegsal. Vi er på laurdagshandel og har handla egg og brød før vi ruslar  vidare til politikartorget for å shoppe litt lovnader på billegsal. Vi knip litt i gamleordføraren og synest han er laus i fisken. Så prøvesmaker vi litt her og let oss sjarmere litt der. Så får vi sjå kva det blir til. Det er fint med ferske fjes. Berre dei ikkje forandrar for mykje.
(Smp,22.08.2015)
 

 

 

søndag 26. juli 2015

Cruise-kontroll


Kva er det eigentleg med Geiranger, tenkjer vi endå ein gong. Vi  har stanga gjennom bygda i bilkø og sett på at fire-fem cruiseskip strevar med å lukeparkere i den tronge fjordarmen. Er det denne trengselen turistane kjem for å sjå?

Ti år med verdsarvstatus har ført til ein slik auke i turismen at verdsarven er truga. Dei enorme cruiseskipa og dei lange bilkøane ureinar luft og vatn. Reise- og turistindustrien står for rundt ti prosent av verdas brutto nasjonalprodukt. Di eldre vi blir, di meir reiser vi. Ein stadig  større del av folket i verda gjer det same. Turismen kjem til å auke med 0,7 prosent i løpet av det neste tiåret, fortel prognosane. Det er ikkje småtteri, når utgangspunktet er heile verdas forbruk.

Vår veg. Her må ein vere om seg og sikre seg sin del av den store kaka. Mykje går vår veg. Sydens sol er  ikkje lenger det alle turistar drøymer om. Varmare skal det bli. Sveitte innbyggjarar i tørre og varme land drøymer om saftiggrøne enger, blå fjordar og kvite brear. Draumen kan dei kjøpe relativt billeg hos eit cruisereiarlag nær seg. Om bord i eit flytande hotell får dei alt hjartet kan be om: Basseng og vassklie og fri tilgang til pizza-buffeten. Blinkande restaurantar med trerettars middagar og smilande service  medan verdas vakraste kystlandskap glir forbi utanfor dei store panoramarutene.

Næringsmessig liknar cruiseskipa mykje på oppdrettsanlegga dei passerer i fjordane på norskekysten. Drifta handlar mykje om foring, trivsel og å avgrense at pensjonærane forsvinn. Som oppdrettsnæringa brukar også cruisenæringa norsk natur til å skape store verdiar. Dei skjer ikkje utan forureining, men næringane  let etter seg minimalt med  arbeidsplassar, skatteinntekter og lokal omsetning.

 Slikt er det ikkje noko å gjere med. Cruise er ei internasjonale næring der pinleg låge lønningar og billege internasjonale innkjøp er nødvendig, om gjestene skal få luksus til overkomeleg pris. Litt dryp det no elles  alltids på næringslivet også her i landet, når så mykje folk er på farten. Det er alltid nokre som får lyst på ein softis mellom måltida og som kjøper elgskilt og morosame plasttroll for å hugse kvar dei har vore. Men i Geiranger er trengselen snart så stor at  ein snart må spenne ein kjetting over både fjorden og vegen med skiltet  ”Beklagar, fullt!”.

Luksusproblem. Det er eit luksusproblem. Sunnmøre er fullt av  doggfriske og storslegne bygder med høge fjell og har all verdas plass til naturglade turistar. Mange av lokalsamfunna er endåtil  nesten folketomme i fellesferien. Mykje kan ordnast med eit aldri så lite namnebyte. Det gjeld å setje heile Sunnmøre på kartet.

Storfjorden er i grunnen eit ganske inkjeseiande namn, som vi heller ikkje er åleine om. Døyp Storfjorden diskret om til Geirangerfjorden, frå Svinøya og innover, med alle sine krokar og sidearmar. Då kan  tiltakssame sunnmøringar investere i sitt eige Sea-Walk-anlegg og lokke cruiseturistane i land med iskrem og folkedans, akkurat der dei bur.

Distriktspolitikk i praksis.

 

søndag 28. juni 2015

Reptilsommar


 

Det skal vere reptil i år, les vi i eit moteblad. Ikkje berre sko av krokodilleskinn, men også slangeskinnsbukser og telefontrekk med alligatormønster. Vi snakkar bikini med øglelook og firfislemønstra strandsett. Og så noko til mannen, for at han også skal stå i stil: Kanskje eitt og anna av skjelpadde. Kan vi foreslå sykkelhjelm?

 Mette-Marit hadde reptilskjørt på ei prisutdeling alt i februar i fjor, går det fram av fagpressa. Ho var så tidleg ute at det kom i Se og Hør. No har ho vist tærne i kongeleg bryllaup i Stockholm, noko  motejournalistane kallar ”dristig”. For raude sko utan tå er høgst diskutabelt i kongelege bryllaup, meiner svenske kommentatorar som er ekspertar på slikt. Men kanskje er det berre ein forsmak på sommarmoten 2016. I så fall får vi håpe at juni neste år blir mildare juni har vore i år. Då hadde det nok blitt blåfrosne tær om skorne var aldri så raude.

Ikkje slik at kulde og nordavind nokon gong har  greidd å stanse motepåfunn her oppe i nord. Her har lårkorte og snekledde jenter alltid greidd å forsere snøfonnene på veg til fest. Moten påverkar oss alle. Til og med  karar  som berre handlar på sal og aldri har lese eit moteblad, kjem til å ha  krokodillar, firfisler og snokar på T-skjorta om eit år eller to.  Skal ein kome rimeleg frå det, må ein ta krypdyra på kjøpet.

Moten leverer trendar vi må følgje eller kome for seint til fleiregongar per år. Denne sommaren er det altså skjeldekte krypdyr det går i. Alternativt indianarar, som er moteverdas form for glutenfritt for dei som ikkje toler skjel. Kven som har bestemt sommarmotens tema, er det ingen som kan svare på. Men vi kjem til å gjere akkurat som dei seier og det kjem til å koste oss dyrt. For når moteskaparane har talt, er plutseleg fjorårets ubrukte badebukse berre  2014.

Men det er ikkje nok å kle seg i siste skrik. Sommarmoten er avslørande.  Det nyttar lite med slangskinnsbukse, viss magen stikk fram.  Hei, du ser jammen sprek ut, seier vi trøystande til ein kamerat vi synest ser både bleik og elendig ut. Ja, du skjønar, eg har vore sjuk! svarar han.  Ei veke på rygg  med influensa hadde fått kilo til å forsvinne, seier han fornøgd og piskar sin trinne kropp vidare opp gjennom joggeløypa for å unngå tilbakefall.

 Så langt har det kome, at sjukdommen kjem som ein befriar. Vi har alle ansvar for å sjå modellslanke ut. Greier vi det ikkje, er det viljen som får skulda. To tredeler av jentene og ein tredel av gutane her i landet er kraftig misnøgde med måten dei ser ut på og vil veldig gjerne gjere noko med det. Nokre brukar gamlemåten og sveittar på tredemøllene og pinebenkene i treningsstudioet. Andre satsar på ein quick fix i det private helsevesenet. Plutseleg dukkar ungjentene opp att utan sitt naturlege kvalpefeitt  og med brystparti som ein rib-båt for fulle muggar. Det synest dei har fått god valuta for konfirmasjonspengane. Foreldra og besteforeldra  betaler resten av rekninga og følgjer gjerne opp med ei oppgradering av eige skrog. Dei kjem tilbake med slankare kropp og slankare lommebok og er så rynkefrie i fjeset at dei får vanskar i passkontrollen på neste Syden-tur.

Slik lever vi her i Egolandet i berre ti grader pluss, sjølv om det snart er midtsommar. Det er ikkje mykje å rope hurra for. Vi prøver enno å følgje moten og enno har vi råd til å betale for det, men kor lenge? Oljenæringa er i krise og USA-ferien har blitt 30 prosent dyrare. Vi veit at vi står på kanten av stupet, men berre vent: Denne sommaren skal vi ta eit stort steg framover.
(Smp, 20.07.2015)

Nøysemd


 
Nøysemd er overskrift for dette kulturarrangementet. Takk til Ingvild Nystad og komiteen som nøydde seg med meg til å opne utstillinga.

Eg er altså ein gammal journalist som tråla desse fire inste kommunane i ein halv mannsalder før eg hamna på museum i Sykkylven. Stordal, Stranda og Sykkylven var industrikommunar med fellesferie. Der gjekk næringslivet jamt og trutt frå haust til vår med sine kriser og bølgjetoppar. Om sommaren var det stort sett  fellesferie og befolkninga var over alle haugar.

 Då var det Norddal kommune som var redninga når ein skulle finne stoff til avisa. I tillegg til underhaldande  bygdestrid, blei her stadig lansert nye initiativ for å skape arbeidsplassar, hindre fråflytting, skape samhald og trivsel, få kvinnene fram. Her fanst det ei unik samling av oppfinnsame, nytenkjande, trassige og kjekke og flinke folk – veldig ofte kvinnfolk - som hadde bruk for spalteplass. Dei kjempa med ryggen mot veggen mot sentraliseringa, urbaniseringa, kommersialiseringa – altså sjølve tidsånda, men dei gjorde det  ofte på ein ny og moderne måte. Alle utfordringane  - og det skal seiast – litt kraftinntekter  i tillegg - førte til ei oppblomstring av kreativitet, initiativ og mange gode - og av og til ikkje så gode -  idear som vart lanserte med brask og bram - og med jordbær til.

Eg skal tale over ordet «nøysemd». Ei reim av denne nedarva nøysemda har vi nok, dei fleste av oss.  Eg sjølv  ikkje noko unnatak.  Færingen min er 80 år, traktoren snart 60 år gammal. Mi tohjuls  slåmaskin, den som far min alltid kalla «Isjlefanten», er over 40.  Utstyret er langt over pensjonsalderen, på grensa av sterkt pleietrengande. Men sjølv om noko av dei ikkje verkar, er det andre ting ved dei som verkar. Vi kan ikkje direkte kassere dei heller.

For vi har nøysemda under huda: Vi har fått høyre dei klassiske historiene: Gamlemannen på garden som alltid drog riva etter seg på veg heim frå slåttemarka, same kor vel dei hadde raka bøen tidlegare. «Det blir alltids til ei kalvetugge.»

 Vi har forfedrar som har rodd åtte mil fram og åtte mil fram og tilbake til byen for å gjere eit godt kjøp. Folk  som tok  av seg skorne i vanskeleg terreng for å redusere skoslitet. Om jakker og frakkar som har blitt snudde og vende og omsydde frå festplagg til arbeidsantrekk til gryteklutar før dei enda sine dagar som isolasjon rundt eit vassrør. Alt skulle nøytast.

I dagens forbrukarsamfunn kjennest det som noko rett og flott å halde litt att og vise nøysemd. Bøtte strømper har fått ein viss status. Det signaliserer miljøvern, handarbeidskompetanse, omsorg. Men no treng vi ikkje slite kleda våre ut sjølv. Slikt har vi folk til. Vi får kjøpt ferdig slitne klede i butikken til dobbelt pris og halv slitestyrke.

 Moderne menneske kjenner seg ikkje lenger heilt sikre på at vi vil få  vår lønn i himmelen. Derfor tek vi ut litt av det vi synest vi fortener på kulturweekend til  Amsterdam eller vi skifter ut kjøkkenet viss vi er lei av frontane. Vi har jo råd til det.

Vi  synest vi må ha ein Sydenferie i året og reiser til Moa for å kjøpe strandantrekk i årets fargar. Hurtigarbeidande kinesarar lagar stolar og sofaer på løpande band. Etterkommarane etter møbelproduserande sunnmøringar kjøper der det er billegast. Det tynne bomullstrekket på sofaen er ikkje mykje å skryte av. Det er i grunnen heilt greitt, synest vi. Då kan vi  fornya inventaret med godt samvit om nokre år.

Det første vi gjer no viss vi skal gjere noko praktisk, er å  kjøpe laserpass og elektrisk utstyr, raudruta flanellsskjorter og  snikkarbukser med masse lommer. I min grøne ungdom  sto karane og laga møblar i koksgrå dress. Det var ravane av bestedressen, som gjerne også hadde vore bryllaupsdressen. Når penkleda vart blanke på knea, vart den arbeidstøy på fabrikken, Seinare vart jakka brukt på sjøen med islendar under - og til slutt i fjøsen.

 I dag er svaret på dei fleste problem å dra kortet på kjøpesenteret. Blir noko øydelagt,  kjøper vi nytt. Shopping har blitt fritidsaktivitet, tidtrøyte, ein stad for kvalitetstid med ungar og venner. Det er ein aktivitet som frontkolliderer med idealet om nøysemd. Vi går og kjenner på det: Bruk og kast er rett og slett ikkje rett. Og så prøver vi å bøte på det – på vår måte.

 Ein av måtane er å ikkje kaste. Vi kjøper like mykje, men vi kasserer mindre. Eller vi tek  vare på alle gamle ting:  Ei rosemåla og motteten seng, ei slåmaskin for hest, eit stråmønstra bolle med brest i. Vi er heilt sikker på at vi aldri kjem til å bruke det igjen. Men «det er for gale det skal kome vekk». Av omsyn til l slekta, bygda, kulturarven, etterkomarane. Til slutt byggjer vi oss  hytter som vi fyller opp med alt vi ikkje har plass til heime. Etter kvart er der ikkje plass til folk. Og så blir også hytta ståande der til inga nytte.

Det er ikkje nøysemd. Heller ikkje å putte feilkjøpa våre av kle og sko  i containerane til dei fattige i Ukraina. Der går bestemødrene der med t-skjorter og fleece-genserar der det står Sexy og Fuck på. Med vennleg helsing frå nøysame nordmenn som syntest dei gjorde eit  kupp på posesalget, men som ombestemte seg då det kom til stykket.

Nøysemd er ein del av den sunnmørske kulturbakgrunnen. Den er ikkje spesielt sunnmørsk. Det er slikt fattige folk må lære seg over alt. Dei prøver å gjere det beste ut av situasjonen. Det handlar om å få knappe ressursar til å vare lengst mogleg. Det er å vere smålåten på egne vegne og utnytte ressursane som finst rundt oss. Det er ein kulturell arv og noko heilt anna enn å vere gjerrig.

Hans Nielsen Hauge gjekk rundt i landet  og preika Guds ord og  starta industri og næringsverksemd. Han strikka medan han gjekk, for å utnytte tida. I Herøy arrangerer dei  årlege Hauge-seminar for å minne folk om at det ikkje treng å vere  noka motsetning mellom Gud og Mammon.

 Pietismen er ein viktig del av norsk og spesielt vestlandsk mentalitetshistorie. Pietismen gjorde nøysemd til kjerneverdi. Pietistane var ikkje alltid nøysam med omsyn til virkemiddel. Dei brukte Helvete som trugsmål med stort frimod for å få folk til å bli som dei. Ein kan seie at dei viste manglande nøysemd i sin skremselspropaganda for å spreie sin nøysemd-ideologi. Slik vart pietismen også ein trussel mot sjølvstendig tenking og folks tru på seg sjølv og  andre.

Men same kor ukristelege vi er, er pietismen ein del av oss – på godt og vondt. Eg brukar å seie: Du treng ikkje vere kristeleg for å vere pietist. Vi er kretsmeistrar i dårleg samvit. Du kan ta sunnmøringen vekk frå dommedagstrua, men ikkje dommedagstrua vekk frå sunnmøringen.

For langt under dei pietistiske ideala og ideologiane, ligg det noko djupare og eldre, meir materielt. Det er ein måte å tenkje på som er utvikla gjennom hundreåra og som har si rot i levekår og overlevingsevne.

For den enkelte handlar det også om å tone ned sine personlege egoistiske krav til fordel for noko større, som familien, fellesskapet. Så gjeld det gjere det beste ut av det. Utnytte absolutt alle ressursar, ikkje berre dei materielle.

Ein måtte også utnytte alle sine eigne evner. Ein måtte nøyte materialane, tida, ein måtte ta vare på ting og menneske rundt seg. Ein måtte aldri slappe av og få «slyesykjå». Gav ein etter på eitt område, kunne det rakne på andre. Då trua straffedommen: Svolt og død, Skam og fornedring, Syndfloda, Verdas undergang.

Naturlegvis var det fattigdomen, knappheita som tvinga oss til å vere nøysame. Men her var også overskot, skaparlyst, fantasi og kjærleik. Det ser ein i omtanken som er lagt ned i ein bøtt vott, ein vakker naustvegg av båtbord, den elegante måte å gjenbruke utslitne gjenstandar i nye samanhengar.  Her ligg det ei skaparkraft som langt på veg har gått tapt i vårt moderne samfunn der vi kjøper alt ferdig. Og som det moderne skulefaget redesign  gir nytt liv ved å gi elevane sjansen til å bruke fantasien, dyrke kreativiteten, kombinere overraskande element. Kort sagt: Utnytte og skape noko nytt av kjende gjenstandar. Det er eit fag som trass i sitt engelske namn er heilt  i pakt med lange og verdifulle norske tradisjonar  - og som viser veg.

Vi har museum med gamle gjenstandar: Gjenstandane fortel mykje – også om nøysemd. Kanskje det er på tide å bygge ei utstilling, eit museum , ein heil  temapark spesielt over denne kulturarven vi kallar nøysemd.

For nøysemd er  eit trua ideal. Det samanfattar mykje av det som er bakgrunnen vår. Og kvar er det meir naturleg å ha eit slikt museum her i Norddal kommune. Med sine mangesyslarar, sitt initiativ og idealisme og alle sine vitale 100-åringar, spreke etter eit strevsamt liv med kroppsarbeid og springing etter sauene.

 Dei er levande bevis på at nøysemd også kan vere bra for helsa. 

Lykke til. Og takk for meg!
 
(Kåseri, opning av utstillinga Green Nelly, Sommardagar i Norddal  23.6.2015)

søndag 10. mai 2015

Gratis snørr og bartar


 

”Vi går Operaen den eine dagen og ser Paradise Hotell den andre. Det gammaldagse skiljet mellom høgkultur og lågkultur i ferd med å bli borte. Er det ikkje herleg?”, spør ein kommentator og synest det er befriande at vi ikkje lenger treng å velje mellom snørr og bartar. No kan vi seie ja takk til begge deler.

Slanke-reality. Kultursnobb kan du sjølv vere!  Når NRK  pludrar med eigne medarbeidarar i alle sine tre kanalar, har vi ikkje noko anna å gjere enn å røme ut  i den heilkommersielle urskogen. Vi prøver først TV2, der det er sport eller talkshow.  zappar vi vidare inn  i den heilkommersielle urskogen med hysteriske programleiarar og blir overfallen av truande reklameinnslag frå alle kantar. Vi svingar fjernkontrollen som ein machete og høgg oss fram mellom pinlege sjukdommar, bisarre sex-skadar og kjolar som seier ja før vi endar måpande i ein grafisk slanke-reality. Vi merker oss at urskogen er tettare enn før. No er det ikkje nasjonale institusjonar som Synnøve Finden, Gilde og Vossafår som bestemmer menyen lenger, men ein flora av bettingselskap som legg ut åte for å  få potensielle spelavhengige på kroken.

Så langt har vi her i landet prøvd å gjerde inne vår potensielle spelegalskap ved hjelp av Norsk Tipping, som i tillegg til å støtte sport og kultur også skal hindre svake sjeler å spele seg frå gard og grunn. Dei som no lokkar oss med kortspel på nettet og ødsling med peng, sit i  utlandet og gjer som dei vil.  Bettingselskap omset årleg for bortimot 3000 kroner per levande nordmann - gammal eller ung, meiner Lotteritilsynet. Gambling på nett er moro og spenning for mange. For andre blir det tragedie og  personleg ruin.

Casino. Eitt av dei store og mest synlege av desse selskapa er Betsson-gruppa, som driv både casino, bingo, poker og odds-tipping på nettet. Kjendisane Tone Damli og John Arne Riise har selt sine barnefødslar og giftarmål til dei med hud og hår. Kjetil Rekdal saug seg også fast i bettingselskapet ei stund før han vart avslørt og måtte sleppe spenen. Til og med Drillo, den gamle radikalar, har ein støvel innanfor i gamblingbransjen, fortel Bergens Tidende.

For kjendisane har sitt fjes å selje og dei går etter pengane. Slik er det i showbiz og kommers-TV, seier du kanskje. Likar vi ikkje resultatet, får vi halde oss til NRK og den smale sti. Men det er ikkje berre i TV-sofaen at  pengane rår. Den steinrike Stein Erik Hagen vurderer å donere kunstsamlinga si til Nasjonalmuseet. Vilkåret er at kunsten han gir bort blir vist til ei kvar tid. Det skulle no elles berre mangle, tenkjer vi. Før vi får vite at  resten av kunsten i Nasjonalmuseet i så fall må pakkast vekk.  Gåva frå rikingen er nemleg så stor at museet må doble veggplassen skal dei kunne vise både vår nasjonale kunstarv og  kunstgåva frå Hagen samtidig.

Slik blir å ta imot ei gåve eigentleg å selje litt av si makt. Til slutt er det kremmarane som bestemmer over kunsten medan pokerlag på nett  komponerer TV-menyen. Det som har vore ein slags balanse, forskyv seg litt etter litt. Snart tippar det. You bet! (Smp 090515)

 
 

 

søndag 19. april 2015

Minneord : Ei skrivande sjel


Helge Arild Bolstad er død, 69 år gammal. Ein uredd journalist, ein stemningsvar lyrikar, ein fri bohem og ein omtykt kamerat har gått bort.

Helge Arild Bolstad vart fødd på Dale i Vaksdal kommune i 1946. Han tok artium ved Bergen Katedralskole og byrja på jusstudiet ved Universitetet i Oslo. Jussen miste mykje av glansen så snart  han for alvor fekk smaken på journalistikken. Den første jobben var ved Nynorsk Pressekontor frå 1970 til 1974. Året etter vart han redaktør for den nyskipa avisa Setesdølen.

I 1976 var han tilbake i Oslo, no som ein av redaktørane i Dag og Tid. Det var i den første tida hans her eg vart kjend med bols, som var den faste signaturen. Dag og Tid var på denne tida motkultur i essens. Avisa sparka frimodig til alle kantar. Strukturen var så flat at avisa heldt seg med fire redaktørar og ingen journalister. Vi fire skrivande skulle skaffe stoff til to nummer i veka. Det vart ofte arbeidd natta igjennom før deadline for å kunne stille direkte på trykkeriet om morgonen med manusbunken i ein plastpose.

Arbeidsfellesskapen var tett og ikkje utan gnissingar, men la grunnlag for sterke og langvarige venskap. Når vi ser tilbake,  minnest vi han som ei fri sjel med eit mildt sinn og ein skarp penn. Arbeidsinnsatsen hans var formidabel. Han hadde eit omfattande nettverk i politikk og kulturliv. Han naut stor respekt blant kollegaene i hovudstaden. Han var ei sjel og ei skjorte og greidde seg godt med sine to dressar. Den eine hadde han på seg. Den andre venta på reinseriet til det var på tide å skifte habitt. Då han måtte flytte frå hybelen, gjekk det månader før vi forstod at han var utan nokon stad å bu. Etter kvart avslørte dei tomme fiskeballboksane i papirkorga at han både åt middag og fekk nattesvevnen i ein vond kinesisk korgstol på kontoret.

Helge Arild Bolstad var i Dag og Tid  i ni år, dei siste fem var han eineredaktør.  Han sette sitt tydelege  preg på avisa med sitt elegante og presise språk og treffande og underfundige kommentarar og portrettintervju. Medan norske nyheitsaviser på denne tida helst ville ha artiklar som var skrivne slik at layout-medarbeidarane kunne klyppe og frisere dei som dei ville,  let Dag og Tid sine kommentatorar og intervjuobjekt demonstrativt få all den plassen dei hadde krav på.

Han tok sine journalistiske ideal med seg då han forlet Oslo og  Dag og Tid i 1985. Etter ei tid som frilansar, gjekk han til eit engasjement i Bergens Arbeiderblad i 1986. Så vart det  avisa Fiskaren, der han skulle arbeide i 21 år.  Helge Arild Bolstad var som fisken i vatnet i  kontakten med sine ramsalte og frodige lesarar og kjelder langs norskekysten.

No hadde han  flytta tilbake til barndomsheimen på Dale. Han hadde vore skuggeskrivar for stortingsmann Osmund Faremo i boka Takk for livet, Emil. Gjennom heile sin karriere skreiv han dikt og songar. Vestlandsgruppa Aftenlandet tonesette og framførte  to av tekstane hans på samleplata Morgon i mai frå 1998. Her er han i fint selskap med  blant andre Jakob Sande og Halldis Moren Vesaas.

 Som pensjonist frå 2008 heldt han fram med å skrive og han gjorde blant anna Facebook til sitt medium. Her la han ut sine kommentarar og observasjonar, her laga han lokal quiz og her slo han sine slag for arbeidsplassar og lokalkultur til den smuldrande industristaden han elska.

Eitt minne har sett seg fast: Stundom viste han temperament så sterkt at det gneistra farleg bak brilleglasa. Men han krangla aldri for eigen del. Heva han røysta, var det alltid til forsvar for svake og hjelpelause.
(Dag og Tid 10/4 2015)

Rhumba med Ål'sunn


 Våren er her og det kitlar i gamle skrottar. Her talar vi ikkje først og fremst på eigne vegne. Vi tenkjer på sunnmørsordførarane.

Det har nok ikkje gått nokon forbi at kommunetoppane luskar i buskene på forsiktige friarføter og  jaktar etter ein partnar eller to. Den store kommunesjekken er i gang.

Kurtise. Det er mykje som skal klaffe. Mange ordførarar hadde nok gjerne villa halde fram som før med seg sjølv i førarsetet. Men frykta for å bli ståande att mutters åleine  medan grannekommunane får statstilskot for å hoppe i høyet, tvingar også dei ut på jakt.  Ordførarar møtest mykje oftare enn før, stundom i full openheit og med Sunnmørsposten til stades. Det blir kurtisert forsiktig over gode middagar med vin og avec og med tilløp til speed-dating. Som vanleg i slike situasjonar gjeld det framstå som lokkande og attråverdig, men ein må aldri  gå så langt at ein misser dyden i farta.

I alle fall ikkje før ein er klar for å ta det store spranget. Men ein kan sende ut følarar, kamuflerte som  intervju og avisinnlegg. Same kva dei handlar om,  er det forhandlingar om kvar grensene skal gå. Men kva skjer når ordføraren reint privat finn grunn til å ta seg ein kveldstur til grannen? Sit han eller ho  berre der og kikkar på naturen dei kanskje på sikt skal bli ein del av. Eller dansar dei alt  tett omslynga  med trinn som styrer dei  lukt inn i  storkommmunen Sunnmøre?

Våren. Men no er altså våren her. Knoppar som brest og liv som spirer har alltid inspirert til paring og reirbygging. Lysare netter gjer det vanskelegare med   hemmelege stemnemøte. Den store giftekniv Jan Tore Sanner dukkar stadig oftare opp og snakkar om frivillig fellesskap med riset godt synleg bak ryggen. No vil han ha bryllaup og  undersåttar som formeirar seg så pass at det tek luven av eldrebølgja.  Attergløymene som ikkje får ut fingeren, risikerer å stå att åleine i skuggedalen medan dei andre festar for synergiane sine oppe i sola.

Men enkelt er det ikkje: Skeptiske innbyggjarar dreg dei folkevalde i buksebeina og vil ha det akkurat slik dei alltid har hatt det. Veljarar ser no ein gong ikkje lenger enn nasen rekk.  Dei seier ja til alle gode, men nei til å betale for dei.  Upopulære sanningar vil dei ikkje høyre på. Jaså, er det på den måten, seier dei då og plutseleg har dei vald  ein annan til ordførar.

Naboval. Derfor er det med ei blanding av angst og brunst kommunetoppane gir seg inn på den kommunale sjekkemarknaden. Her kan ein ikkje velje og vrake blant ei  uendeleg rekkje giftesjuke på nettet. I motsetning til høgskulane kan ikkje kommunane velje med hjartet. Dei må velje blant dei næraste naboane. Set ein krav til formue, er det knapt kandidatar igjen. Ein komande partnar bør også  vere landfast, så sant det går. Tidlegare trudde ein at gifteknivane i departementet kunne sprite opp kommunikasjonen med ei bru eller tunnel når samtalane skar seg. Men gulrøtene frå valkampen har vist seg å vere akkurat det – knask som gir mageknip og berre er bra for tennene.

Usikker.  Derfor er det ikkje lenger rom for å følgje si hjarterøyst og henge seg opp i eit behageleg ytre. Ein vakker partner kan kanskje seljast ut i smått til turistane, men  seng til leige er  også ein  usikker bransje. Ein får helst satse på dei få kandidatane som enno får lov til å låne pengar utan å spørje fylkesmannen om lov. Det må vere ein partnar med mindre i lån enn seg sjølv. Berre på den måten kan ein sikkert redusere felles kommunegjeld.

 Men eit ufråvikeleg krav er at partnaren må vere eit hakk mindre enn ein sjølv. Alle ordførarar veit at til sjuande og sist er den  avgjerande kampen om kvar kommunehuset skal ligge. Taper ein her, taper ein alt. Derfor skjelv ordførarane i livets danseskule når dei svingar seg med småripsen. I augekroken ser dei  kjempa frå nord kome trampande for å by dei opp. For dei  kjenner melodien: Rhumba med Ål’sunn!

 
 

Følgere