”Vi går
Operaen den eine dagen og ser Paradise Hotell den andre. Det gammaldagse
skiljet mellom høgkultur og lågkultur i ferd med å bli borte. Er det ikkje
herleg?”, spør ein kommentator og synest det er befriande at vi ikkje lenger treng å velje mellom snørr og bartar.
No kan vi seie ja takk til begge deler.
Slanke-reality. Kultursnobb kan du sjølv vere! Når NRK
pludrar med eigne medarbeidarar i alle sine tre kanalar, har vi ikkje
noko anna å gjere enn å røme ut i den
heilkommersielle urskogen. Vi
prøver først TV2, der det er sport eller talkshow. Så zappar vi vidare inn i den heilkommersielle urskogen med hysteriske
programleiarar og blir overfallen av truande reklameinnslag frå alle kantar. Vi
svingar fjernkontrollen som ein machete og høgg oss fram mellom pinlege
sjukdommar, bisarre sex-skadar og kjolar som seier ja før vi endar måpande i
ein grafisk slanke-reality. Vi merker oss at urskogen er tettare enn før. No er
det ikkje nasjonale institusjonar som Synnøve Finden, Gilde og Vossafår som bestemmer
menyen lenger, men ein flora av bettingselskap som legg ut åte for å få potensielle spelavhengige på kroken.
Så langt
har vi her i landet prøvd å gjerde inne vår potensielle spelegalskap ved hjelp
av Norsk Tipping, som i tillegg til å støtte sport og kultur også skal hindre
svake sjeler å spele seg frå gard og grunn. Dei som no lokkar oss med kortspel på
nettet og ødsling med peng, sit i
utlandet og gjer som dei vil. Bettingselskap
omset årleg for bortimot 3000 kroner per levande nordmann - gammal eller ung,
meiner Lotteritilsynet. Gambling på nett er moro og spenning for mange. For
andre blir det tragedie og personleg
ruin.
Casino. Eitt av dei store og mest synlege av desse
selskapa er Betsson-gruppa, som driv både casino, bingo, poker og odds-tipping
på nettet. Kjendisane Tone Damli og John Arne Riise har selt sine barnefødslar
og giftarmål til dei med hud og hår. Kjetil Rekdal saug seg også fast i bettingselskapet
ei stund før han vart avslørt og måtte sleppe spenen. Til og med Drillo, den
gamle radikalar, har ein støvel innanfor i gamblingbransjen, fortel Bergens
Tidende.
For
kjendisane har sitt fjes å selje og dei går etter pengane. Slik er det i showbiz
og kommers-TV, seier du kanskje. Likar vi ikkje resultatet, får vi halde oss til
NRK og den smale sti. Men det er ikkje berre i TV-sofaen at pengane rår. Den steinrike Stein Erik Hagen vurderer
å donere kunstsamlinga si til Nasjonalmuseet. Vilkåret er at kunsten han gir
bort blir vist til ei kvar tid. Det skulle no elles berre mangle, tenkjer vi.
Før vi får vite at resten av kunsten i
Nasjonalmuseet i så fall må pakkast vekk. Gåva frå rikingen er nemleg så stor at museet
må doble veggplassen skal dei kunne vise både vår nasjonale kunstarv og kunstgåva frå Hagen samtidig.
Slik blir
å ta imot ei gåve eigentleg å selje litt av si makt. Til slutt er det kremmarane
som bestemmer over kunsten medan pokerlag på nett komponerer TV-menyen. Det som har vore ein
slags balanse, forskyv seg litt etter litt. Snart tippar det. You bet! (Smp 090515)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar