Nøysemd
er overskrift for dette kulturarrangementet. Takk til Ingvild Nystad og
komiteen som nøydde seg med meg til å opne utstillinga.
Eg
er altså ein gammal journalist som tråla desse fire inste kommunane i ein halv
mannsalder før eg hamna på museum i Sykkylven. Stordal, Stranda og Sykkylven var
industrikommunar med fellesferie. Der gjekk næringslivet jamt og trutt frå
haust til vår med sine kriser og bølgjetoppar. Om sommaren var det stort
sett fellesferie og befolkninga var over
alle haugar.
Då var det Norddal kommune som var redninga
når ein skulle finne stoff til avisa. I tillegg til underhaldande bygdestrid, blei her stadig lansert nye
initiativ for å skape arbeidsplassar, hindre fråflytting, skape samhald og
trivsel, få kvinnene fram. Her fanst det ei unik samling av oppfinnsame, nytenkjande,
trassige og kjekke og flinke folk – veldig ofte kvinnfolk - som hadde bruk for
spalteplass. Dei kjempa med ryggen mot veggen mot sentraliseringa,
urbaniseringa, kommersialiseringa – altså sjølve tidsånda, men dei gjorde det ofte på ein ny og moderne måte. Alle utfordringane - og det skal seiast – litt kraftinntekter i tillegg - førte til ei oppblomstring av kreativitet,
initiativ og mange gode - og av og til ikkje så gode - idear som vart lanserte med brask og bram - og
med jordbær til.
Eg
skal tale over ordet «nøysemd». Ei reim av denne nedarva nøysemda har vi nok,
dei fleste av oss. Eg sjølv ikkje noko unnatak. Færingen min er 80 år, traktoren snart 60 år
gammal. Mi tohjuls slåmaskin, den som
far min alltid kalla «Isjlefanten», er over 40. Utstyret er langt over pensjonsalderen, på
grensa av sterkt pleietrengande. Men sjølv om noko av dei ikkje verkar, er det
andre ting ved dei som verkar. Vi kan ikkje direkte kassere dei heller.
For
vi har nøysemda under huda: Vi har fått høyre dei klassiske historiene: Gamlemannen
på garden som alltid drog riva etter seg på veg heim frå slåttemarka, same kor
vel dei hadde raka bøen tidlegare. «Det blir alltids til ei kalvetugge.»
Vi har forfedrar som har rodd åtte mil fram og
åtte mil fram og tilbake til byen for å gjere eit godt kjøp. Folk som tok av seg skorne i vanskeleg terreng for å
redusere skoslitet. Om jakker og frakkar som har blitt snudde og vende og omsydde
frå festplagg til arbeidsantrekk til gryteklutar før dei enda sine dagar som
isolasjon rundt eit vassrør. Alt skulle nøytast.
I
dagens forbrukarsamfunn kjennest det som noko rett og flott å halde litt att og
vise nøysemd. Bøtte strømper har fått ein viss status. Det signaliserer
miljøvern, handarbeidskompetanse, omsorg. Men no treng vi ikkje slite kleda
våre ut sjølv. Slikt har vi folk til. Vi får kjøpt ferdig slitne klede i
butikken til dobbelt pris og halv slitestyrke.
Moderne menneske kjenner seg ikkje lenger
heilt sikre på at vi vil få vår lønn i
himmelen. Derfor tek vi ut litt av det vi synest vi fortener på kulturweekend
til Amsterdam eller vi skifter ut
kjøkkenet viss vi er lei av frontane. Vi har jo råd til det.
Vi
synest vi må ha ein Sydenferie i året og
reiser til Moa for å kjøpe strandantrekk i årets fargar. Hurtigarbeidande
kinesarar lagar stolar og sofaer på løpande band. Etterkommarane etter
møbelproduserande sunnmøringar kjøper der det er billegast. Det tynne bomullstrekket
på sofaen er ikkje mykje å skryte av. Det er i grunnen heilt greitt, synest vi.
Då kan vi fornya inventaret med godt
samvit om nokre år.
Det
første vi gjer no viss vi skal gjere noko praktisk, er å kjøpe laserpass og elektrisk utstyr, raudruta
flanellsskjorter og snikkarbukser med
masse lommer. I min grøne ungdom sto karane
og laga møblar i koksgrå dress. Det var ravane av bestedressen, som gjerne også
hadde vore bryllaupsdressen. Når penkleda vart blanke på knea, vart den
arbeidstøy på fabrikken, Seinare vart jakka brukt på sjøen med islendar under -
og til slutt i fjøsen.
I dag er svaret på dei fleste problem å dra
kortet på kjøpesenteret. Blir noko øydelagt,
kjøper vi nytt. Shopping har blitt fritidsaktivitet, tidtrøyte, ein stad
for kvalitetstid med ungar og venner. Det er ein aktivitet som frontkolliderer
med idealet om nøysemd. Vi går og kjenner på det: Bruk og kast er rett og slett
ikkje rett. Og så prøver vi å bøte på det – på vår måte.
Ein av måtane er å ikkje kaste. Vi kjøper like
mykje, men vi kasserer mindre. Eller vi tek vare på alle gamle ting: Ei rosemåla og motteten seng, ei slåmaskin for
hest, eit stråmønstra bolle med brest i. Vi er heilt sikker på at vi aldri kjem
til å bruke det igjen. Men «det er for gale det skal kome vekk». Av omsyn til l
slekta, bygda, kulturarven, etterkomarane. Til slutt byggjer vi oss hytter som vi fyller opp med alt vi ikkje har
plass til heime. Etter kvart er der ikkje plass til folk. Og så blir også hytta
ståande der til inga nytte.
Det
er ikkje nøysemd. Heller ikkje å putte feilkjøpa våre av kle og sko i containerane til dei fattige i Ukraina. Der
går bestemødrene der med t-skjorter og fleece-genserar der det står Sexy og
Fuck på. Med vennleg helsing frå nøysame nordmenn som syntest dei gjorde eit kupp på posesalget, men som ombestemte seg då
det kom til stykket.
Nøysemd
er ein del av den sunnmørske kulturbakgrunnen. Den er ikkje spesielt sunnmørsk.
Det er slikt fattige folk må lære seg over alt. Dei prøver å gjere det beste ut
av situasjonen. Det handlar om å få knappe ressursar til å vare lengst mogleg. Det
er å vere smålåten på egne vegne og utnytte ressursane som finst rundt oss. Det
er ein kulturell arv og noko heilt anna enn å vere gjerrig.
Hans
Nielsen Hauge gjekk rundt i landet og
preika Guds ord og starta industri og
næringsverksemd. Han strikka medan han gjekk, for å utnytte tida. I Herøy
arrangerer dei årlege Hauge-seminar for
å minne folk om at det ikkje treng å vere
noka motsetning mellom Gud og Mammon.
Pietismen er ein viktig del av norsk og
spesielt vestlandsk mentalitetshistorie. Pietismen gjorde nøysemd til
kjerneverdi. Pietistane var ikkje alltid nøysam med omsyn til virkemiddel. Dei
brukte Helvete som trugsmål med stort frimod for å få folk til å bli som dei. Ein
kan seie at dei viste manglande nøysemd i sin skremselspropaganda for å spreie
sin nøysemd-ideologi. Slik vart pietismen også ein trussel mot sjølvstendig
tenking og folks tru på seg sjølv og andre.
Men
same kor ukristelege vi er, er pietismen ein del av oss – på godt og vondt. Eg
brukar å seie: Du treng ikkje vere kristeleg for å vere pietist. Vi er
kretsmeistrar i dårleg samvit. Du kan ta sunnmøringen vekk frå dommedagstrua,
men ikkje dommedagstrua vekk frå sunnmøringen.
For
langt under dei pietistiske ideala og ideologiane, ligg det noko djupare og
eldre, meir materielt. Det er ein måte å tenkje på som er utvikla gjennom
hundreåra og som har si rot i levekår og overlevingsevne.
For
den enkelte handlar det også om å tone ned sine personlege egoistiske krav til
fordel for noko større, som familien, fellesskapet. Så gjeld det gjere det
beste ut av det. Utnytte absolutt alle ressursar, ikkje berre dei materielle.
Ein
måtte også utnytte alle sine eigne evner. Ein måtte nøyte materialane, tida,
ein måtte ta vare på ting og menneske rundt seg. Ein måtte aldri slappe av og
få «slyesykjå». Gav ein etter på eitt område, kunne det rakne på andre. Då trua
straffedommen: Svolt og død, Skam og fornedring, Syndfloda, Verdas undergang.
Naturlegvis
var det fattigdomen, knappheita som tvinga oss til å vere nøysame. Men her var
også overskot, skaparlyst, fantasi og kjærleik. Det ser ein i omtanken som er
lagt ned i ein bøtt vott, ein vakker naustvegg av båtbord, den elegante måte å gjenbruke
utslitne gjenstandar i nye samanhengar.
Her ligg det ei skaparkraft som langt på veg har gått tapt i vårt
moderne samfunn der vi kjøper alt ferdig. Og som det moderne skulefaget redesign
gir nytt liv ved å gi elevane sjansen til å bruke fantasien, dyrke
kreativiteten, kombinere overraskande element. Kort sagt: Utnytte og skape noko
nytt av kjende gjenstandar. Det er eit fag som trass i sitt engelske namn er
heilt i pakt med lange og verdifulle
norske tradisjonar - og som viser veg.
Vi
har museum med gamle gjenstandar: Gjenstandane fortel mykje – også om nøysemd.
Kanskje det er på tide å bygge ei utstilling, eit museum , ein heil temapark spesielt over denne kulturarven vi
kallar nøysemd.
For
nøysemd er eit trua ideal. Det
samanfattar mykje av det som er bakgrunnen vår. Og kvar er det meir naturleg å
ha eit slikt museum her i Norddal kommune. Med sine mangesyslarar, sitt
initiativ og idealisme og alle sine vitale 100-åringar, spreke etter eit
strevsamt liv med kroppsarbeid og springing etter sauene.
Dei er levande bevis på at nøysemd også kan
vere bra for helsa.
Lykke til. Og takk for meg!
(Kåseri, opning av utstillinga Green Nelly, Sommardagar i Norddal 23.6.2015)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar