Valkampen er
over oss. Nærare karneval kjem vi ikkje her oppe i det
protestantiske nord.
I sol og
regn står dei der, politikarane, under sine parasollar og deler ut drops og nysteikte
vaflar til oss som passerer forbi. Dei har på seg sitt penaste sommartøy og døgnopne sommarsmil. I desse haustvekene
er det ikkje nei i deira munn.
Konkurranse. Dei turnar gladeleg på plenen eller deltek i
rokonkurranse om dei blir spurde om det av lag eller organisasjonar for å skape
blest om ei god sak. Dei let seg fotografere på vasscooter eller bak spakane i
ein gravemaskin for å understreke eit poeng. Dei vågar aldri seie nei til
tøvete tvikamp med politiske konkurrentar, anten det no er morellsteinspytting
eller triksing med ball. Ingen valkamp er komplett utan ein knokkelkamp mellom
dei blå og dei raude slik at folk med greie på fotball skal få noko å le av. Politikarar
må for all del ikkje ta seg sjølve alvorleg. Redaktøren i lokalavisa går med
hovudet høgt. No kjem innhaldet i avisa, gratis og ferdigtygd, som rekande på
ei fjøl. Frå å vere hoggestabbe og syndebukk, er redaktøren i desse vekene den personifiserte
fjerde statsmakt som vaktar demokrati og menneskerettar og er sjølvskriven som nådelaus utspørjar i den store partidebatten.
Karneval. Det er ei eventyrleg tid og det næraste vi
kjem eit karneval her i det nøkterne og protestantiske Nord-Europa. Valkampen
er ei tid for draumar og luftige ambisjonar. No skal det bli nye og betre tider
for eldre og småbarn. Fleire varme hender skal ta seg av oss. Skulen skal
rustast opp, det skal lukte nybakte bollar i institusjonar og barnehagar og
nylagt asfalt i alle bygdelag. På slike dagar snakkar vi ikkje om pengemangel.
Kommunegjelda, som for nokre månader sidan hadde greske dimensjonar, går ingen til
val på. Ufreden rundt kommunesamanslåing er heller ikkje eit tema. Det skal
politikarane ta stilling til utan innblanding frå veljarane om eitt års tid.
Slitasje. Institutt for samfunnsforsking la nyleg fram
ein studie om val og veljarar under stortingsvalet 2013. Dei konkluderte med at
det ikkje var ”opinionsmessige forskyvninger” som førte til regjeringsskiftet
for to år sidan. Det hadde ikkje vore noka høgredreiing i folket. Veljarane
hadde ikkje blitt meir positive til privatisering. Dei var godt nøgde med Stoltenberg-regjeringas
økonomiske politikk. Det var ikkje Erna sin politikk som førte til at ho vart
vinnaren i valet. Veljarane ville berre
ha eit nytt andlet på statsministerkontoret.
Den viktigaste grunnen til at Erna knuste Jens,
var det fenomenet vi kjenner som regjeringsslitasje.
Det er ingen grunn til å tru noko anna enn at det same er tilfelle i
lokalval. Vi kan kalle det ordførarslitasje. Det er ikkje politikken, men fjesa
vi vil endre.. Folk tenkjer som dei alltid har gjort. ”Ti sed og skikk
forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de
tenker annerledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles
intet i alle dager” skreiv
Sigrid Undset. Fornufta
synest kommuneøkonomien er så dårleg at det ikkje finst politisk styringsfart
og at det blir hipp som happ kven vi vel. Då er det med hjartet vi må velje.
Billegsal. Vi er på laurdagshandel og har handla egg og
brød før vi ruslar vidare til
politikartorget for å shoppe litt lovnader på billegsal. Vi knip litt i gamleordføraren
og synest han er laus i fisken. Så prøvesmaker vi litt her og let oss sjarmere
litt der. Så får vi sjå kva det blir til. Det er fint med ferske fjes. Berre dei ikkje
forandrar for mykje.
(Smp,22.08.2015)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar