Kva er det eigentleg med Geiranger, tenkjer vi endå
ein gong. Vi har stanga gjennom bygda i
bilkø og sett på at fire-fem cruiseskip strevar med å lukeparkere i den tronge
fjordarmen. Er det denne trengselen turistane kjem for å sjå?
Ti år med
verdsarvstatus har ført til ein slik auke i turismen at verdsarven er truga. Dei
enorme cruiseskipa og dei lange bilkøane ureinar luft og vatn. Reise- og
turistindustrien står for rundt ti prosent av verdas brutto nasjonalprodukt. Di
eldre vi blir, di meir reiser vi. Ein stadig større del av folket i verda gjer det same.
Turismen kjem til å auke med 0,7 prosent i løpet av det neste tiåret, fortel
prognosane. Det er ikkje småtteri, når utgangspunktet er heile verdas forbruk.
Vår veg. Her må ein vere om seg og sikre seg sin del
av den store kaka. Mykje går vår veg. Sydens sol er ikkje lenger det alle turistar drøymer om. Varmare
skal det bli. Sveitte innbyggjarar i tørre og varme land drøymer om saftiggrøne
enger, blå fjordar og kvite brear. Draumen kan dei kjøpe relativt billeg hos eit
cruisereiarlag nær seg. Om bord i eit flytande hotell får dei alt hjartet kan
be om: Basseng og vassklie og fri tilgang til pizza-buffeten. Blinkande restaurantar
med trerettars middagar og smilande service
medan verdas vakraste kystlandskap glir forbi utanfor dei store
panoramarutene.
Næringsmessig
liknar cruiseskipa mykje på oppdrettsanlegga dei passerer i fjordane på
norskekysten. Drifta handlar mykje om foring, trivsel og å avgrense at
pensjonærane forsvinn. Som oppdrettsnæringa brukar også cruisenæringa norsk
natur til å skape store verdiar. Dei skjer ikkje utan forureining, men
næringane let etter seg minimalt med arbeidsplassar, skatteinntekter og lokal omsetning.
Slikt er det ikkje noko å gjere med. Cruise er
ei internasjonale næring der pinleg låge lønningar og billege internasjonale
innkjøp er nødvendig, om gjestene skal få luksus til overkomeleg pris. Litt
dryp det no elles alltids på
næringslivet også her i landet, når så mykje folk er på farten. Det er alltid nokre
som får lyst på ein softis mellom måltida og som kjøper elgskilt og morosame
plasttroll for å hugse kvar dei har vore. Men i Geiranger er trengselen snart
så stor at ein snart må spenne ein kjetting
over både fjorden og vegen med skiltet ”Beklagar, fullt!”.
Luksusproblem. Det er eit luksusproblem. Sunnmøre er fullt av doggfriske og storslegne
bygder med høge fjell og har all verdas plass til naturglade turistar. Mange av
lokalsamfunna er endåtil nesten
folketomme i fellesferien. Mykje kan ordnast med eit aldri så lite namnebyte. Det
gjeld å setje heile Sunnmøre på kartet.
Storfjorden
er i grunnen eit ganske inkjeseiande namn, som vi heller ikkje er åleine om.
Døyp Storfjorden diskret om til Geirangerfjorden, frå Svinøya og innover, med
alle sine krokar og sidearmar. Då kan tiltakssame
sunnmøringar investere i sitt eige Sea-Walk-anlegg og lokke cruiseturistane i
land med iskrem og folkedans, akkurat der dei bur.
Distriktspolitikk
i praksis.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar