søndag 19. april 2015

Minneord : Ei skrivande sjel


Helge Arild Bolstad er død, 69 år gammal. Ein uredd journalist, ein stemningsvar lyrikar, ein fri bohem og ein omtykt kamerat har gått bort.

Helge Arild Bolstad vart fødd på Dale i Vaksdal kommune i 1946. Han tok artium ved Bergen Katedralskole og byrja på jusstudiet ved Universitetet i Oslo. Jussen miste mykje av glansen så snart  han for alvor fekk smaken på journalistikken. Den første jobben var ved Nynorsk Pressekontor frå 1970 til 1974. Året etter vart han redaktør for den nyskipa avisa Setesdølen.

I 1976 var han tilbake i Oslo, no som ein av redaktørane i Dag og Tid. Det var i den første tida hans her eg vart kjend med bols, som var den faste signaturen. Dag og Tid var på denne tida motkultur i essens. Avisa sparka frimodig til alle kantar. Strukturen var så flat at avisa heldt seg med fire redaktørar og ingen journalister. Vi fire skrivande skulle skaffe stoff til to nummer i veka. Det vart ofte arbeidd natta igjennom før deadline for å kunne stille direkte på trykkeriet om morgonen med manusbunken i ein plastpose.

Arbeidsfellesskapen var tett og ikkje utan gnissingar, men la grunnlag for sterke og langvarige venskap. Når vi ser tilbake,  minnest vi han som ei fri sjel med eit mildt sinn og ein skarp penn. Arbeidsinnsatsen hans var formidabel. Han hadde eit omfattande nettverk i politikk og kulturliv. Han naut stor respekt blant kollegaene i hovudstaden. Han var ei sjel og ei skjorte og greidde seg godt med sine to dressar. Den eine hadde han på seg. Den andre venta på reinseriet til det var på tide å skifte habitt. Då han måtte flytte frå hybelen, gjekk det månader før vi forstod at han var utan nokon stad å bu. Etter kvart avslørte dei tomme fiskeballboksane i papirkorga at han både åt middag og fekk nattesvevnen i ein vond kinesisk korgstol på kontoret.

Helge Arild Bolstad var i Dag og Tid  i ni år, dei siste fem var han eineredaktør.  Han sette sitt tydelege  preg på avisa med sitt elegante og presise språk og treffande og underfundige kommentarar og portrettintervju. Medan norske nyheitsaviser på denne tida helst ville ha artiklar som var skrivne slik at layout-medarbeidarane kunne klyppe og frisere dei som dei ville,  let Dag og Tid sine kommentatorar og intervjuobjekt demonstrativt få all den plassen dei hadde krav på.

Han tok sine journalistiske ideal med seg då han forlet Oslo og  Dag og Tid i 1985. Etter ei tid som frilansar, gjekk han til eit engasjement i Bergens Arbeiderblad i 1986. Så vart det  avisa Fiskaren, der han skulle arbeide i 21 år.  Helge Arild Bolstad var som fisken i vatnet i  kontakten med sine ramsalte og frodige lesarar og kjelder langs norskekysten.

No hadde han  flytta tilbake til barndomsheimen på Dale. Han hadde vore skuggeskrivar for stortingsmann Osmund Faremo i boka Takk for livet, Emil. Gjennom heile sin karriere skreiv han dikt og songar. Vestlandsgruppa Aftenlandet tonesette og framførte  to av tekstane hans på samleplata Morgon i mai frå 1998. Her er han i fint selskap med  blant andre Jakob Sande og Halldis Moren Vesaas.

 Som pensjonist frå 2008 heldt han fram med å skrive og han gjorde blant anna Facebook til sitt medium. Her la han ut sine kommentarar og observasjonar, her laga han lokal quiz og her slo han sine slag for arbeidsplassar og lokalkultur til den smuldrande industristaden han elska.

Eitt minne har sett seg fast: Stundom viste han temperament så sterkt at det gneistra farleg bak brilleglasa. Men han krangla aldri for eigen del. Heva han røysta, var det alltid til forsvar for svake og hjelpelause.
(Dag og Tid 10/4 2015)

Rhumba med Ål'sunn


 Våren er her og det kitlar i gamle skrottar. Her talar vi ikkje først og fremst på eigne vegne. Vi tenkjer på sunnmørsordførarane.

Det har nok ikkje gått nokon forbi at kommunetoppane luskar i buskene på forsiktige friarføter og  jaktar etter ein partnar eller to. Den store kommunesjekken er i gang.

Kurtise. Det er mykje som skal klaffe. Mange ordførarar hadde nok gjerne villa halde fram som før med seg sjølv i førarsetet. Men frykta for å bli ståande att mutters åleine  medan grannekommunane får statstilskot for å hoppe i høyet, tvingar også dei ut på jakt.  Ordførarar møtest mykje oftare enn før, stundom i full openheit og med Sunnmørsposten til stades. Det blir kurtisert forsiktig over gode middagar med vin og avec og med tilløp til speed-dating. Som vanleg i slike situasjonar gjeld det framstå som lokkande og attråverdig, men ein må aldri  gå så langt at ein misser dyden i farta.

I alle fall ikkje før ein er klar for å ta det store spranget. Men ein kan sende ut følarar, kamuflerte som  intervju og avisinnlegg. Same kva dei handlar om,  er det forhandlingar om kvar grensene skal gå. Men kva skjer når ordføraren reint privat finn grunn til å ta seg ein kveldstur til grannen? Sit han eller ho  berre der og kikkar på naturen dei kanskje på sikt skal bli ein del av. Eller dansar dei alt  tett omslynga  med trinn som styrer dei  lukt inn i  storkommmunen Sunnmøre?

Våren. Men no er altså våren her. Knoppar som brest og liv som spirer har alltid inspirert til paring og reirbygging. Lysare netter gjer det vanskelegare med   hemmelege stemnemøte. Den store giftekniv Jan Tore Sanner dukkar stadig oftare opp og snakkar om frivillig fellesskap med riset godt synleg bak ryggen. No vil han ha bryllaup og  undersåttar som formeirar seg så pass at det tek luven av eldrebølgja.  Attergløymene som ikkje får ut fingeren, risikerer å stå att åleine i skuggedalen medan dei andre festar for synergiane sine oppe i sola.

Men enkelt er det ikkje: Skeptiske innbyggjarar dreg dei folkevalde i buksebeina og vil ha det akkurat slik dei alltid har hatt det. Veljarar ser no ein gong ikkje lenger enn nasen rekk.  Dei seier ja til alle gode, men nei til å betale for dei.  Upopulære sanningar vil dei ikkje høyre på. Jaså, er det på den måten, seier dei då og plutseleg har dei vald  ein annan til ordførar.

Naboval. Derfor er det med ei blanding av angst og brunst kommunetoppane gir seg inn på den kommunale sjekkemarknaden. Her kan ein ikkje velje og vrake blant ei  uendeleg rekkje giftesjuke på nettet. I motsetning til høgskulane kan ikkje kommunane velje med hjartet. Dei må velje blant dei næraste naboane. Set ein krav til formue, er det knapt kandidatar igjen. Ein komande partnar bør også  vere landfast, så sant det går. Tidlegare trudde ein at gifteknivane i departementet kunne sprite opp kommunikasjonen med ei bru eller tunnel når samtalane skar seg. Men gulrøtene frå valkampen har vist seg å vere akkurat det – knask som gir mageknip og berre er bra for tennene.

Usikker.  Derfor er det ikkje lenger rom for å følgje si hjarterøyst og henge seg opp i eit behageleg ytre. Ein vakker partner kan kanskje seljast ut i smått til turistane, men  seng til leige er  også ein  usikker bransje. Ein får helst satse på dei få kandidatane som enno får lov til å låne pengar utan å spørje fylkesmannen om lov. Det må vere ein partnar med mindre i lån enn seg sjølv. Berre på den måten kan ein sikkert redusere felles kommunegjeld.

 Men eit ufråvikeleg krav er at partnaren må vere eit hakk mindre enn ein sjølv. Alle ordførarar veit at til sjuande og sist er den  avgjerande kampen om kvar kommunehuset skal ligge. Taper ein her, taper ein alt. Derfor skjelv ordførarane i livets danseskule når dei svingar seg med småripsen. I augekroken ser dei  kjempa frå nord kome trampande for å by dei opp. For dei  kjenner melodien: Rhumba med Ål’sunn!

 
 

søndag 22. mars 2015

Sei det med blomster


 I våre dagar både frir vi og slår opp via tekstmeldingar med smilefjes. Det var stiligare den gong ein brukte blomster i staden for ord.

Sei det med blomster, står det på plakaten i blomsterbutikken. Mange av oss kjem så sjeldan heim med ein kvast, at det er heilt på sin plass å lure på vi gjer det av eit godt hjarte eller av dårleg samvit. På 1800-talet var blomsterspråket ein tanke meir uttrykksfullt, skal ein tru G. W. Gessmann som i 1899 gav ut ei vegleiing om det alt då raudlista fenomenet. ”..for å vekke opp att minnet av ein tiltalande skikk, særleg med tanke på våre vakre damer”.

Agave-gåve. Før i tida ville det vere klar melding for ein danna mann av den arbeidsfrie klassen om kona kom med ein  agaveblomst. ”Sjølv om du er skalla, vil eg vere deg tru”,  var bodskapen. Kanskje ikkje veldig romantisk, men  ei passande farsdagsgåve for mogne menn og  ein ny vri på dei årvisse tøflane.

Raude roser er naturlegvis framleis  eit prov på trufast kjærleik og dessutan ei audmjuk bøn om å få kvile ved mottakarens barm. Forglemmegei betyr det namnet seier. Stiller du med raude nellikar, seier du, ganske sjølvtilfreds, at ”når du endeleg forstår kor mykje  eg elskar og aktar deg, vil du ikkje kunne stå imot.”

Det var ei tid ein kunne kome langt på damefronten, berre ein kunne sin botanikk. I kjærleiken bur det mange ulike kjensler. 1800-talets blomsterspråk hadde ord for det meste. Men biedermeier-kavalerane  ville nok ha rynka kraftig på nasen over utvalet i moderne blomsterbutikkar. Skal ein føre ein nokolunde samanhengande samtale gjennom blomster, må ein ha litt å velje i.

Tungvint var det nok, men effektivt. Det er ikkje lett å stå imot om ein får ein poetisk bukett narsissar levert på døra: ”Ditt kokette, svermeriske sinn liknar denne vakre blomen som reiser seg så stolt, berre for smektande å  bøye det vesle hovudet sitt.”

Sørgjepil. Sende du ei grein  av  sørgjepil, fekk du formidla at ”mitt hjarte skjelv fordi du ikkje er her lenger”. Litt vortemjølk i buketten og ein fekk overlevert følgjande klage: ”Du er så likegyldig at ein skulle tru at hjartet ditt var av stein.”

Ein romanse kunne for eksempel begynne med at ein kavaler sende epleblom til sin kjære: ”Skal dine milde kinn endeleg raudne av kjærleikens rosenglød.” Han kunne følgje opp med gaukesyre: ”Di skjønne sjel talar gjennom kvar mine og kvart ord frå deg”. Etter kvart også kornblomst: ”Eg lever berre for deg.”

 Men så kom kanskje kavaleren i tanke om at han var gift og at kona slett ikkje ville akseptere utanekteskapeleg kontakt med blussande ungjenter. Han må vere diskret.  Då var det på tide å sende over ei villrose til elskarinna. ”Den som er skapt for stille lukke, kan berre gjerast lukkelig i det skjulte.”

 Grønkål. Det var ei melding jenta kanskje stussa over. Då var det å sende ein grønkål tilbake: ”Forklar deg nærare, om du vil at eg skal forstå deg. ” Viss då beilaren floragraferte tilbake ein ryllik som svar, ville meldinga vere: ”Er du så dum som du gir inntrykk av?”

 Då var nok romansen på hell og dei  to partane kunne avslutte det heile med å utveksle løk som seier: ”Du byr meg imot”. Sjarmøren måtte tusle heim til kona. Kanskje med ein bukett med dahlieblomster. ”Mitt hjarte er alltid hos deg. Hjartet, ikkje kroppen, avgjer kvar en høyrer heime”.
07.03.2015
 

 

mandag 2. februar 2015

Mulla på bygda


Petit 310115

 

Ein krenka mulla på Krekseterøra er kanskje det næraste vi kjem Nord-Korea her i landet.

I januar har vi alle vore Charlie – i  større eller mindre grad.  Gradbøyinga handlar ikkje mest om at krenking skal vere lovleg, men om krenking er eit gode til ei kvar tid. Dei fleste er samde om at krenking er uhøflig og ofte dumt. Men  kan det også vere ein slags prøvestein for ytringsfridomens siste grenser?

Klappsalvar. Det er ein naturlegvis kraftig kost at alle norske ståoppkomikarar som ein gong har stått på ei scene og fleipa med muslimane, no står fram som talsmenn for humanisme og ytringsfridom. Men dei som har skadefryd som talent, krenkjer også kristenfolket, regjeringa, domstolane og kjendisane. Slik er dei sine klappsalvar verd, sjølv om lyden av  opne dører som blir slegne inn på heroisk vis, ofte kan vere vanskeleg å overhøyre.

Skal det vere noko poeng i å banne, så er det ikkje først og fremst i ølteltet, men i  kyrkja det bør skje. Det er alltid dei mest urimelege og mest upopulære standpunkta som tøyer grensene for  ytringsfridomen. Slike klappar ikkje publikum for.

Kalasjnikov. Skal ein måle tolegrenser, er det meir interessant å følgje med på korleis den nye terrorlova i Frankrike blir praktisert. - Eg skal finne fram kalasjnikoven, ropte ei fjorten år gammal jente som vart tatt i billettkontroll på trikken i Nantes like etter terroråtaket i Paris. Ho vart  overlaten til politiet og tiltale vart  reist etter terrorlova. Så langt er  meir enn 150  personar sikta etter denne lova, som forbyr å støtte eller å orsake terrorhandlingar. Å gi si støtte til terror, krenkjer rettsoppfatninga til dei fleste av oss. Men kanskje er sånne krenkingar også med på å  halde ytringsfridomens råk  opa.

Korset vi stønnar under her i landet, heiter Krekar og er mulla. Han er lettkrenkt sjølv, viste komikar Shabana Reban. Ho  tok ein gong godt tak og løfta han opp framfor publikum. At det var ei dame som løfta, gjekk på æra hans laus. Norge trong ikkje noka ekstraordinær terrorlov for å fengsle han etter hans mange provoserande utspel og truslar mot statsministeren. Ut av landet skulle han, straks han hadde sona ferdig, lova regjeringa. Det skulle ikkje visast nokon nåde. Men då lauslatinga nærma seg,  leita statsråden fortvila i si juridiske verktøykasse. Men nokon måte å  få sendt han heim til mogleg død og fordervelse, fann han ikkje.  Menneskerettane stod i vegen.

Sindige trønderar. Det verste ministeren fekk til, var å forvise han til Kyrksæterøra. Der er han dømd til å bu blant sindige trønderar på ubestemt tid.  Det er ikkje første gong problematiske flyktningar blir gøymde på avsides bygder med godt skiterreng. Då Leo Trotsky – revolusjonshelt og grunnleggaren av Den Raude Armé -  kom til Norge på si flukt frå Stalin i 1935, hamna han i Heradsbygda. Etter kraftig press frå borgarleg side vart han forvist frå landet. Til sin sikre død, skulle det vise seg. Han hamna i Mexico, der han vart hakka i hel med ei isøks av ein russisk agent.

Menneskerettane har så langt berga mulla Krekar frå ein liknande lagnad. Det burde han vere takknemleg for. Men mullaen kjenner seg krenkt. Det norske systemet er som i Nord-Korea, seier han.  Frekk er han også! Men kanskje er det slik ein prøvestein for den umistelege ytringsfridomen faktisk ser ut.

 

 

torsdag 25. desember 2014

Gudskjelovkvelden


Då er vi komne til den siste luka i julekalenderen. Vi kan la den gode julefreden sige inn over oss. Men har vi fått med oss alt? 

Omtanke. Same kor tidleg ein byrjar førebuinga, kjem denne dagen som julekvelden på kjerringa. Alt skal eigentleg vere perfekt til jul, og det perfekte høyrer ikkje denne verda til.

 Ein kunne alltid gjort litt meir og vist endå meir omtanke. Men no er dagen komen. Nokre av oss vil nok også i dag kome springande til gullsmedbutikken fem på stengetid for å finna gåva dei hadde gløymt. Ein endå meir desperat gjeng har oppdaga at juletrelysa ikkje fungerer og vil stå med foten i døra på Elkjøp og Jernia når personalet er i ferd med å gå heim. (Dei lyste fint då vi pakka dei ned i januar!) Nokre vil kome også for seint og vil med aukande panikk køyre frå bensinstasjon til bensinstasjon med eit svinnande håp om å berge jula for familien.  Total katastrofe å måtte feire jul utan lys på treet, tenkjer far og veit kven som har ansvaret. For medan Moder tenner alle lys, er det far som har ansvar for den elektriske illumineringa.

 Testen. Så viser det seg at det kan bli jul også om nokon (far igjen!) har gløymt å kjøpe mandelpoteter. Ungane likar uansett pasta best. Det er i grunnen så lite ein eigentleg treng.  Det beste i livet er gratis eller i det minste på tilbod i januar. Men for å få julefreden til å senke seg over stall og stue, kan vi ta Prøysen-testen. Han har med det vesentlege:

No har vi vaska gølvet (med grønsåpe til og med, for lukta si skuld) og vi har børi ved (eigentleg har vi ikkje bruk for å fyre etter at vi fekk varmepumpe, men det er stemningsfullt.) og vi har sett opp fuggelband ( ikkje berre det: eit heilt fuglehus med møne og veranda på eit kattesikkert stativ.) og vi har pynte tre’ (Skikkeleg eingongstre, ikkje plast, altså!).

  No sett vi øss å kvile og puste på ei stund (vi er strengt tatt ferdige, men vi går no her og flyttar på nissane) mens je rugge vogga (ok, vi har i alle fall baby-callen på), så bror din får ein blund (han har gledd seg sidan klokka fire i dag  tidleg, så han treng ein formiddagslur).

 Dra krakken bortåt glaset,  så sett vi øss og ser (Utruleg kor mange lyslekkjer naboen har fått plass til på det vesle huset sitt) og prøve finne leia der julestjerna er (Litt på tynn is når det gjeld stjernehimmelen) hu er så klar og stor (Ikkje stor nok!), du ser a over taket der hu Jordmor-Matja bor. (Å ja, det er ei litt svær ei over Statoil-stasjonen.)

 Ro ned. Det meste er i hus. Og resten er det som regel ikkje så farleg med. Gudskjelov. God julekveld!

 

Kjetil Tandstad

 




mandag 24. november 2014

Tommeliten vil bli stor


 
Dei små vil bli store og dei store vil bli størst.  Smått er ikkje lenger godt, for i politikken er det kjøtvekta som bestemmer.

Jan Tore Sanner er på farten som parmakar, koplar eller Kirsten Giftekniv - med riset bak ryggen og pengepremie til alle som lovar å tre inn i ektestand. Kommunal- og moderniseringsministeren vil ha norske kommunar til sengs med kvarandre. Det skal vere flest mogleg under same dyne. Det skal skje så  raskt ein berre kan.

Ikkje kjærleiken. Så lenge har han tråla fedrelandet med lokking og truging, at det er i ferd med å få effekt. Det er ikkje kjærleiken som driv oss i armane på kvarandre. Vi vil berre snakke om noko anna. Det er ikkje sikkert det blir noko verre enn i dag, seier optimistane. Det er den vegen vinden bles, seier realistane. Til og med politiske veteranar, som  har brukt all si taletid på eigen navle og skulekrins, opnar opp for omverda i rein utmatting. Når kvar tek sin, må eg ta min, tenkjer ordførarane. Det er noko sårt i blikket deira og i den utstudert avslappa måten dei går på som minner om dansefestane i ungdommen. Til yngre lesarar: Det var der ungdom møttest og blei kjende før  facebook og tinder.no.

I ordførarfaktene kjenner vi att rølinga, dei fåfengte forsøka på å skjule kaldsveitten og dei  stive smila i vår generasjon når vi skulle nærme oss det motsette kjønn i full offentlegheit. Alle dei pene jentene sat ringside. Gutane skulle marsjere ledig og ubekymra med nygreidd sleik over eit endelaust dansegolv for å by dei opp. Vi hugsar det keitete bukket og alle katastrofane vi frykta kunne skje. Som at ein vart demonstrativt oversett. Eller avvist, eller håna framfor ei fnisande jenterekkje: Danse? Berre begynn du, guten min. Eg kjem om ei lita stund!

Speeddating. Slik kjennest det nok også for ordførarane som driv speeddating med konkurrentar og gamle fiendar. Dei prøver å gløyme dei tapte slag i fylkestinget. No smiler dei med alle tennene og held dørene opne for kvarandre på veg inn til lange middagar og fortrulege kaffislabberas. Det blir sondert og spandert i alle retningar. Alle er på jakt etter den mest attraktive partnaren. Det gjeld  å vere frampå, vise sjarm og handlekraft. Den største tabben ein kan gjere, er ikkje å bestemme seg før dei annonserer dei tre siste. Då er det alltid for seint og ein innlandskommune kan stå att med valet mellom evig ungkarsstand eller tvangssamanslåing med ein gjeldstyngd øykommune utan fastlandssamband.

 På denne sjekkemarknaden nyttar det ikkje å tenkje på utsjånaden. Her gjeld det å finne dei som er i minst mogleg økonomisk krise. Skulle ein finne ein kandidat som er opplagt på eit sprell, veit ein at tante Robek sit på galleriet. Så mykje som prøver ein på ei tilnærming som ikkje skal munne ut i fullt ekteskap, er fylkesmannen på pletten og set begge partar under administrasjon.

Store nok? Smått er ikkje godt nok lenger. Dei små vil bli store og store vil bli størst. Ingen kan seie om vi ein gong blir store nok. Kanskje ikkje ein gong når alle kommunar i Noreg ligg i same ekteseng. Stortingspresident Olemic Thommessen er nummer to på den norske rangstigen. Berre Kongen er over han.  Når Kongen står på slottsbalkongen på 17. mai og vinkar i flosshatt, vinkar president Olemic i bunad frå stortingsbalkongen litt lengre nede i bakken. Likevel er han ikkje heilt fornøgd.

Sjølvstende. Nyleg stod han fram og meinte at Noreg skulle gi opp sitt sjølvstende frå 1814 og 1905 og bli ein del av ein ny fellesnordisk forbundsstat. Alle fem nordiske landa skulle få felles parlament og regjering. Det ville plassere oss blant dei 10 - 14 største økonomiane i verda. Vi ville bli ein maktfaktor i EU. Det ville gitt oss plass rundt bordet i maktklubben G-20, seier Thommessen.

 Slikt er noko ein norsk Tommeliten aldri kan håpe på.

Kjetil Tandstad

fredag 24. oktober 2014

Selfies i stein


 

Det går i  selfies og skrytebilde. Vi vil alle bli elska og hugsa. Men kvifor satse på flyktige media, når ein kan hogge sitt ettermæle i stein.

Det var ein gong det kosta litt å bli kjendis og helt. Ein av dei som kjempa på Stiklestad drog pila or brystet så slintrene følgde med og overleverte  den lakoniske replikken: ”Godt har kongen fødd meg, feit er eg enno om hjarterøtene”. Han døydde naturlegvis like etterpå, men sikra sitt ettermæle. Han fekk ry som ein tøffing og  fekk spalteplass hos Snorre. Det gav han heltestatus i tusen år.  

Karsleg. For tusen år sidan skulle ein døy med ein karsleg spøk på leppene. I dag står vi gjerne fram i media og klagar over våre skavankar. Det gjer ingen ting å ha pinlege sjukdommar, berre vi kjem på TV. Kveldane brukar vi til å publisere skrytebilde av oss  sjølve på fjelltoppar og dyre restaurantar. Ikkje akkurat for å framheve vår person, men for å dele våre gode opplevingar med våre medmenneske.

Å dele er raust og dessutan sosialt. Den  folk ikkje veit om, eksisterer nesten ikkje.  I mediesamfunnet må vi sjølv skape blest om vår ringe person. Vi  klappar andre på skuldra og blir klappa igjen. Men kvifor berre på  facebook og twitter – desse flyktige media med innhald som løyser seg opp i den blå luft så snart du har logga deg av. Vi veit jo at manns minne er sånn cirka fjorten dagar og endå mindre for alt dette som berre flagrar fort forbi.

 Solid. Men  gravsteinar er solide saker. Det som er skrive der, blir ståande. Dei  er korkje avhengige av nettiltgang eller 4G.  Er ein framsynt i testamentet, kan ein betale for steinen langt inn i framtida. Her kan vi  utan å bli motsagt oppsummere våre liv og ytre oss slik at komande slekter ikkje gløymer oss.  Men då må ein kome på noko meir minneverdig å skrive enn takk for alt og kvil i fred.

Den svenske forfattaren Fritiof Nilsson, Piraten blant vener, skreiv blant anna den klassiske boka Bombi Bitt og jag. Det gjekk litt opp og ned for han i livet. Men han sikra effektivt sitt ettermæle ved å bestille følgjande tekst på gravsteinen: ”Her under ligg oska av ein mann som hadde for vane å utsetje alt til neste dag. Men på sitt siste  forbetra han seg og  døydde verkeleg 31. januar 1972. Det skal alltid vere friske blomster på grava hans. Det er nokre som set pris på ein god replikk.

Siste ord. Inskripsjonen på gravsteinen er ein god metode for dei som vil ha  siste ord. Det er ingen dårleg ide å få sine ord hogne i stein. Nokre gravskrifter må vere forfatta anten av ganske vondsinna pårørande eller ganske romslege avdøde. Den norskdanske diktaren Johan Herman Wessel – han med dei skeive støvelhælane – dikta knusande gravskrifter som dette over sine vener: Her ligger Walt. Han gjorde malt. Det var alt.  Smededikta hans skal vore laga i  kjærleik, blir det hevda. Er det same tilfelle med den som formulerte orda over han som fekk si dramatisk endelykt i Det ville Vesten, var det endå betre skjult: ”Here lies Lester More/four slugs from a 44./ No less, no more.

”Minneverdige  er også  orda over ein mann som hadde reist mykje i livet og som fann kvila på ein irsk kyrkjegard. ”Been everywhere else”. Han var kanskje gammal og mett av dagar. Men også litt nyfiken over kva som venta han likevel. Slike gravsteinar kan ein kome til å bli i  humør av. Men nokre inskripsjonar får ein til å tenkje og undre seg.  Som på gravsteinen  over ein sokneprest med frue i Ebeltoft i Danmark som kyrkjegardsvandrarar har spekulert over gjennom mange år:

 Hun var retsindig og god mot alle. Han var et menneske. Her er det  rom for tolking. Vi vel å tenkje at var ein fin attest å få for  begge to.

 Kjetil Tandstad

 

Følgere