Petit
310115
Ein krenka mulla på Krekseterøra er kanskje det
næraste vi kjem Nord-Korea her i landet.
I januar
har vi alle vore Charlie – i større
eller mindre grad. Gradbøyinga handlar
ikkje mest om at krenking skal vere lovleg, men om krenking er eit gode til ei
kvar tid. Dei fleste er samde om at krenking er uhøflig og ofte dumt. Men kan det også vere ein slags prøvestein for
ytringsfridomens siste grenser?
Klappsalvar. Det er ein naturlegvis kraftig kost at alle norske
ståoppkomikarar som ein gong har stått på ei scene og fleipa med muslimane, no står
fram som talsmenn for humanisme og ytringsfridom. Men dei som har skadefryd som
talent, krenkjer også kristenfolket,
regjeringa, domstolane og kjendisane. Slik er dei sine klappsalvar verd, sjølv
om lyden av opne dører som blir slegne
inn på heroisk vis, ofte kan vere vanskeleg å overhøyre.
Skal det vere
noko poeng i å banne, så er det ikkje først og fremst i ølteltet, men i kyrkja det bør skje. Det er alltid dei mest
urimelege og mest upopulære standpunkta som tøyer grensene for ytringsfridomen. Slike klappar ikkje publikum
for.
Kalasjnikov. Skal ein måle tolegrenser, er det meir interessant
å følgje med på korleis den nye terrorlova i Frankrike blir praktisert. - Eg
skal finne fram kalasjnikoven, ropte ei fjorten år gammal jente som vart tatt i
billettkontroll på trikken i Nantes like etter terroråtaket i Paris. Ho
vart overlaten til politiet og tiltale
vart reist etter terrorlova. Så langt er
meir enn 150 personar sikta etter denne lova, som forbyr å
støtte eller å orsake terrorhandlingar. Å gi si støtte til terror, krenkjer
rettsoppfatninga til dei fleste av oss. Men kanskje er sånne krenkingar også med
på å halde ytringsfridomens råk opa.
Korset vi
stønnar under her i landet, heiter Krekar og er mulla. Han er lettkrenkt sjølv,
viste komikar Shabana Reban. Ho tok ein
gong godt tak og løfta han opp framfor publikum. At det var ei dame som løfta,
gjekk på æra hans laus. Norge trong ikkje noka ekstraordinær terrorlov for å
fengsle han etter hans mange provoserande utspel og truslar mot
statsministeren. Ut av landet skulle han, straks han hadde sona ferdig, lova
regjeringa. Det skulle ikkje visast nokon nåde. Men då lauslatinga nærma seg, leita statsråden fortvila i si juridiske
verktøykasse. Men nokon måte å få sendt
han heim til mogleg død og fordervelse, fann han ikkje. Menneskerettane stod i vegen.
Sindige trønderar. Det verste ministeren fekk til,
var å forvise han til Kyrksæterøra. Der er han dømd til å bu blant sindige
trønderar på ubestemt tid. Det er ikkje
første gong problematiske flyktningar blir gøymde på avsides bygder med godt
skiterreng. Då Leo Trotsky – revolusjonshelt og grunnleggaren av Den Raude Armé
- kom til Norge på si flukt frå Stalin i
1935, hamna han i Heradsbygda. Etter kraftig press frå borgarleg side vart han
forvist frå landet. Til sin sikre død, skulle det vise seg. Han hamna i Mexico,
der han vart hakka i hel med ei isøks av ein russisk agent.
Menneskerettane
har så langt berga mulla Krekar frå ein liknande lagnad. Det burde han vere
takknemleg for. Men mullaen kjenner seg krenkt. Det norske systemet er som i
Nord-Korea, seier han. Frekk er han også!
Men kanskje er det slik ein prøvestein for den umistelege ytringsfridomen
faktisk ser ut.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar