Sei det
med blomster, står det på plakaten i blomsterbutikken. Mange av oss kjem så
sjeldan heim med ein kvast, at det er heilt på sin plass å lure på vi gjer det
av eit godt hjarte eller av dårleg samvit. På 1800-talet var blomsterspråket
ein tanke meir uttrykksfullt, skal ein tru G. W. Gessmann som i 1899 gav ut ei
vegleiing om det alt då raudlista fenomenet. ”..for å vekke opp att minnet av ein tiltalande skikk, særleg med tanke
på våre vakre damer”.
Agave-gåve. Før i tida ville det vere klar melding for ein
danna mann av den arbeidsfrie klassen om kona kom med ein agaveblomst. ”Sjølv om du er skalla, vil eg vere deg tru”, var bodskapen. Kanskje ikkje veldig romantisk,
men ei passande farsdagsgåve for mogne
menn og ein ny vri på dei årvisse
tøflane.
Raude
roser er naturlegvis framleis eit prov
på trufast kjærleik og dessutan ei audmjuk bøn om å få kvile ved mottakarens barm.
Forglemmegei betyr det namnet seier. Stiller du med raude nellikar, seier du,
ganske sjølvtilfreds, at ”når du endeleg
forstår kor mykje eg elskar og aktar deg,
vil du ikkje kunne stå imot.”
Det var
ei tid ein kunne kome langt på damefronten, berre ein kunne sin botanikk. I
kjærleiken bur det mange ulike kjensler. 1800-talets blomsterspråk hadde ord
for det meste. Men biedermeier-kavalerane
ville nok ha rynka kraftig på nasen over
utvalet i moderne blomsterbutikkar. Skal ein føre ein nokolunde samanhengande
samtale gjennom blomster, må ein ha litt å velje i.
Tungvint
var det nok, men effektivt. Det er ikkje lett å stå imot om ein får ein poetisk
bukett narsissar levert på døra: ”Ditt
kokette, svermeriske sinn liknar denne vakre blomen som reiser seg så stolt, berre
for smektande å bøye det vesle hovudet
sitt.”
Sørgjepil. Sende du ei grein av sørgjepil,
fekk du formidla at ”mitt hjarte skjelv
fordi du ikkje er her lenger”. Litt vortemjølk i buketten og ein fekk
overlevert følgjande klage: ”Du er så
likegyldig at ein skulle tru at hjartet ditt var av stein.”
Ein
romanse kunne for eksempel begynne med at ein kavaler sende epleblom til sin
kjære: ”Skal dine milde kinn endeleg raudne
av kjærleikens rosenglød.” Han kunne følgje opp med gaukesyre: ”Di skjønne sjel talar gjennom kvar mine og
kvart ord frå deg”. Etter kvart også kornblomst: ”Eg lever berre for deg.”
Men så kom kanskje kavaleren i tanke om at han
var gift og at kona slett ikkje ville akseptere utanekteskapeleg kontakt med blussande
ungjenter. Han må vere diskret. Då var
det på tide å sende over ei villrose til elskarinna. ”Den som er skapt for stille lukke, kan berre gjerast lukkelig i det
skjulte.”
Grønkål.
Det var ei melding jenta kanskje stussa over. Då var det å sende ein grønkål
tilbake: ”Forklar deg nærare, om du vil
at eg skal forstå deg. ” Viss då beilaren floragraferte tilbake ein ryllik
som svar, ville meldinga vere: ”Er du så
dum som du gir inntrykk av?”
Då var nok romansen på hell og dei
to partane kunne avslutte det heile med
å utveksle løk som seier: ”Du byr meg
imot”. Sjarmøren måtte tusle heim til kona. Kanskje med ein bukett med dahlieblomster.
”Mitt hjarte er alltid hos deg. Hjartet,
ikkje kroppen, avgjer kvar en høyrer heime”.
07.03.2015
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar