Då
er vi komne til den siste luka i julekalenderen. Vi kan la den gode julefreden sige inn over oss. Men har vi fått
med oss alt?
Omtanke. Same kor tidleg ein byrjar førebuinga, kjem
denne dagen som julekvelden på kjerringa. Alt skal eigentleg vere perfekt til
jul, og det perfekte høyrer ikkje denne verda til.
Ein kunne alltid
gjort litt meir og vist endå meir omtanke. Men no er dagen komen. Nokre av oss
vil nok også i dag kome springande til gullsmedbutikken fem på stengetid for å
finna gåva dei hadde gløymt. Ein endå meir desperat gjeng har oppdaga at
juletrelysa ikkje fungerer og vil stå med foten i døra på Elkjøp og Jernia når
personalet er i ferd med å gå heim. (Dei
lyste fint då vi pakka dei ned i januar!) Nokre vil kome også for seint og vil
med aukande panikk køyre frå bensinstasjon til bensinstasjon med eit svinnande
håp om å berge jula for familien. Total
katastrofe å måtte feire jul utan lys på treet, tenkjer far og veit kven som
har ansvaret. For medan Moder tenner alle lys, er det far som har ansvar for
den elektriske illumineringa.
Testen. Så viser det seg at
det kan bli jul også om nokon (far
igjen!) har gløymt å kjøpe mandelpoteter. Ungane likar uansett pasta best. Det er i
grunnen så lite ein eigentleg treng. Det
beste i livet er gratis eller i det minste på tilbod i januar. Men for å få julefreden
til å senke seg over stall og stue, kan vi ta Prøysen-testen. Han har med det
vesentlege:
No har vi vaska
gølvet (med grønsåpe til og med, for
lukta si skuld) og vi har børi ved (eigentleg
har vi ikkje bruk for å fyre etter at vi fekk varmepumpe, men det er
stemningsfullt.) og vi har sett opp fuggelband ( ikkje berre det: eit heilt fuglehus med møne og veranda på eit
kattesikkert stativ.) og vi har pynte tre’ (Skikkeleg eingongstre, ikkje plast, altså!).
No sett vi øss å kvile og puste på ei stund (vi er strengt tatt ferdige, men vi går no
her og flyttar på nissane) mens je rugge vogga (ok, vi har i alle fall baby-callen på), så bror din får ein blund (han har gledd seg sidan klokka fire i
dag tidleg, så han treng ein
formiddagslur).
Dra krakken bortåt glaset, så sett vi øss og ser (Utruleg kor mange lyslekkjer naboen har fått plass til på det vesle
huset sitt) og prøve finne leia der julestjerna er (Litt på tynn is når det gjeld stjernehimmelen) hu er så klar og
stor (Ikkje stor nok!), du ser a over
taket der hu Jordmor-Matja bor. (Å ja, det
er ei litt svær ei over Statoil-stasjonen.)
Ro ned. Det meste er i hus. Og resten er det som
regel ikkje så farleg med. Gudskjelov. God julekveld!
Kjetil Tandstad
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar