Det
går i selfies og skrytebilde. Vi vil
alle bli elska og hugsa. Men kvifor satse på flyktige media, når ein kan hogge
sitt ettermæle i stein.
Det var ein gong det kosta litt å bli
kjendis og helt. Ein av dei som kjempa på Stiklestad drog pila or brystet så
slintrene følgde med og overleverte den
lakoniske replikken: ”Godt har kongen
fødd meg, feit er eg enno om hjarterøtene”. Han døydde naturlegvis like
etterpå, men sikra sitt ettermæle. Han fekk ry som ein tøffing og fekk spalteplass hos Snorre. Det gav han heltestatus
i tusen år.
Karsleg. For tusen år sidan skulle ein døy med ein karsleg spøk på
leppene. I dag står vi gjerne fram i media og klagar over våre skavankar. Det
gjer ingen ting å ha pinlege sjukdommar, berre vi kjem på TV. Kveldane brukar
vi til å publisere skrytebilde av oss sjølve på fjelltoppar og dyre restaurantar. Ikkje
akkurat for å framheve vår person, men for å dele våre gode opplevingar med
våre medmenneske.
Å dele er raust og dessutan sosialt. Den folk ikkje veit om, eksisterer nesten ikkje. I mediesamfunnet må vi sjølv skape blest om
vår ringe person. Vi klappar andre på
skuldra og blir klappa igjen. Men kvifor berre på facebook og twitter – desse flyktige media med
innhald som løyser seg opp i den blå luft så snart du har logga deg av. Vi veit
jo at manns minne er sånn cirka fjorten dagar og endå mindre for alt dette som berre
flagrar fort forbi.
Solid. Men gravsteinar er solide saker. Det som er
skrive der, blir ståande. Dei er korkje
avhengige av nettiltgang eller 4G. Er
ein framsynt i testamentet, kan ein betale for steinen langt inn i framtida. Her
kan vi utan å bli motsagt oppsummere
våre liv og ytre oss slik at komande slekter ikkje gløymer oss. Men då må ein kome på noko meir minneverdig å
skrive enn takk for alt og kvil i fred.
Den svenske forfattaren Fritiof Nilsson, Piraten
blant vener, skreiv blant anna den klassiske boka Bombi Bitt og jag. Det gjekk
litt opp og ned for han i livet. Men han sikra effektivt sitt ettermæle ved å
bestille følgjande tekst på gravsteinen: ”Her
under ligg oska av ein mann som hadde for vane å utsetje alt til neste dag. Men
på sitt siste forbetra han seg og døydde verkeleg 31. januar 1972. Det skal
alltid vere friske blomster på grava hans. Det er nokre som set pris på ein god
replikk.
Siste
ord. Inskripsjonen på gravsteinen er ein god
metode for dei som vil ha siste ord. Det
er ingen dårleg ide å få sine ord hogne i stein. Nokre gravskrifter må vere forfatta
anten av ganske vondsinna pårørande eller ganske romslege avdøde. Den
norskdanske diktaren Johan Herman Wessel – han med dei skeive støvelhælane –
dikta knusande gravskrifter som dette over sine vener: Her ligger Walt. Han gjorde malt. Det var alt. Smededikta hans skal vore laga i kjærleik, blir det hevda. Er det same tilfelle
med den som formulerte orda over han som fekk si dramatisk endelykt i Det ville
Vesten, var det endå betre skjult: ”Here
lies Lester More/four slugs from a 44./ No less, no more.
”Minneverdige er også orda over ein mann som hadde reist mykje i
livet og som fann kvila på ein irsk kyrkjegard. ”Been everywhere else”. Han var kanskje gammal og mett av dagar. Men
også litt nyfiken over kva som venta han likevel. Slike gravsteinar kan ein
kome til å bli i humør av. Men nokre
inskripsjonar får ein til å tenkje og undre seg. Som på gravsteinen over ein sokneprest med frue i Ebeltoft i
Danmark som kyrkjegardsvandrarar har spekulert over gjennom mange år:
Hun var retsindig og god mot alle. Han var
et menneske. Her er det rom for
tolking. Vi vel å tenkje at var ein fin attest å få for begge to.
Kjetil Tandstad
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar