Hausten
er komen og dagane blir kortare. Det blir nettene også, viser fersk forsking.
For eit par generasjonar sidan sov vi våre
åtte timar i gjennomsnitt. No søv i berre i seks. Vi har altså gått frå å sove
ein tredel av døgnet til berre ein firedel.
Så
mykje for det vi alltid har høyrt: At forfedrane våre gnaura og arbeidde frå
tidleg morgon til seine kvelden og at dei
berre duppa av nokre timar i sitjande stilling i dei alt for korte sengene sine
før dei måtte opp og i gang igjen. No viser det seg at altså at slappfiskane drunta
og sov eit par timar meir i døgnet enn det vi kan tillate oss i vår
oppjaga tid. Og det som verre er: Dei sov sin søtaste svevn, utan så mykje som
ein telefon på nattbordet og så inderleg uforstyrra av sosiale media. I åtte
heile timar. Var det noka sak?
Sjusovarar.
Sju timars svevn er passande for eigen del. Då skal
det seiast at skilnaden på nattesvevn og den siste timen framfor TV-en stundom
er reint akademisk. Slik plasserer eg meg nok trygt blant sjusovarar frå gamle
dagar. Andre må greie seg med mindre: Vi fyller opp liva våre med så mange ting
å halde greie på at vi ikkje rekk å sove nok. Dei vaksne sit med fjesboka.
Ungane med dataspel. Kanskje har ingen generasjon vore så plaga av svevnløyse
som vår, skriv den bekymra filosofiprofessoren
Arne Johan Vetlesen.
Han
åtvarar om det han kallar det døgnopne
mennesket. No søv snart alle med smarttelefonen på nattbordet og ser det
som si plikt å vere oppdatert på alle nye selfies
som måtte kome forbi. Vår nye glitrande kvardag der vi alltid er på nett og med
fleksible arbeidstider, er ikkje bra for oss. Det er på tide at vi tek natta
tilbake og brukar henne til det ho er
tenkt til, meiner han.
Fleksiliv. Han er ikkje den einaste som åtvarar. Folk som søv, syndar kanskje
ikkje, men dei kjenner seg utanfor. I
gamle dagar var det vanleg at ein kom på
arbeid om morgonen og var der til dei gjekk heim og var fri til neste dag.
Nokre få hadde så stor tillit i bedrifta at dei slapp stemplingsuret og hadde heimekontor.
I dag har nesten alle heimekontor om ein skal treng kome à jour nokre
kveldsøkter eller om ein må vere heime med ungane på dagtid. Først verka den
nye fleksibiliteten som ein vinn-vinn-situasjon både for sjefen og dei tilsette
og arbeidstakarane var stolte over tilliten. Men no åtvarar fagforeiningane: Det
er greitt å vere fleksibel, men blandar ein jobb og fritid for mykje, blir det
etter kvart mest jobb.
Streik. Derfor tittar vi litt forundra etter lærarane som går til streik
for å sleppe å gjere jobben ferdig på dagtid. Dei insisterer på å halde fram med å rette
oppgåver utover kveldane og ta imot telefonar frå bekymra foreldre midt i måndagskrimmen. Den
steile motparten deira, som er kommunane, tenkjer på si side motsett av andre arbeidsgivarar
og insisterer på fast arbeidstid. Vil foreldre snakke med klasselærar om
gullungen, får dei ta fri frå jobben og avtale time på dagtid. Når det funkar
for Nav, funkar det vel også for skulane, tenkjer dei nok.
Dei om det. Nettene blir altså kortare.
Det blir dagane også. Hausten er her og radioen fyrer stadig opp under vemodet
over sommaren som forsvann. Sjeldan
høver det betre med den melankolske songarinna Barbara Helsingius og Tove
Jansons udøyelege Høstvisa: Skynda dig älskade, skynda att älska, dagarna
mörkna minut för minut, tänd våra ljus, det är nära till natten, snart är den
blommande sommarn slut.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar