Fugletitting
er ein ting. Men kva om ein plutseleg får dilla på småfugl-sex?
Det
var ein av desse flotte, varme sommardagane. Eg sat under treet i hagen og hadde
lese alle avisene eg hadde teke med ut. Det var så varmt at eg ikkje orka å gå inn
for å hente meir lesestoff. Det var også for varmt til å plukke rips. Derfor greip
eg avisa eg nettopp hadde sett i og bladde gjennom ein gong til. Eg fordjupa
meg i ein kronikk av ein professor som gjorde greie for nye forskingsresultat
om seksualmoralen til småfuglane.
Serendipitet. Det var eit tema eg aldri har visst at eg har hatt interesse av. Men
sex er eit pirrande tema og fuglar er eit topp aktuelt emne for hageprat. Den hetebølgjeframkalla latskapen og formålslaus
bladinga i avisa gjorde at eg fann noko eg ikkje ante eg ville vite. Før ville
vi sagt flaks eller lykketreff. No er serendipitet
det aktuelle ordet: ”Ei positiv
overrasking over ei utilsikta oppdaging som blir gjort medan vi leita etter
noko heilt anna”.
Det
var på denne måten at Columbus oppdaga Amerika på India-reisa si og Alexander
Fleming oppdaga penicillinet fordi han fekk mygl i reagensglaset. Kolonialen
vår analyserer våre kjøpevanar og tilbyr oss det dei meiner vi vil ha. Derfor
får vi berre tilbod på sveitt gouda og trøtte kneippbrød. Eg kunne godt ha
tenkt meg å prøve ein ny blåmuggost eller thaisuppe på boks. Men kundeanalysen
til Coop tek ikkje høgde for serendipitet.
Skandale. Som altså er fenomenet som pensa meg inn på fuglesex i sommarvarmen. Professoren kunne
leggje fram oppsiktsvekkjande funn: Nokre fugleartar er trufaste mot maken
livet ut. Andre artar går skamlaust til reirs
med kven det skulle vere. Dette har skjedd upåtalt til alle tider, med kvinner
og born til stades. At uvesenet så grundig har vore oversett av forskingsmiljøa,
er noko av ein skandale.
Fossekall, grankortnebb og naturlegvis julekortssjarmøren
dompapen, er eksempel på staute familiefuglar som held seg til den smale grein
og ikkje så mykje plystrar etter det andre kjønn, same kor fine dei måtte vere
i fjøra. Men dette er ikkje heile sanninga. Frå før visste eg om gauken, den
luringen, som legg egg i andre sine reir. Gaukungen dyttar andre ungar ut av
reiret medan dei ufrivillige fosterforeldra slit seg ut med å skaffe mat. No
viser det seg at blant andre lauvsongarar, låvesvaler og blåsvaler heller ikkje
er til å stole på. Dei flagrar stadig inn og ut inn av lause forhold, også om dei held seg med ein fast partnar. Dei verste artane
er så aktive på sjekkemarknaden at så mykje som kvart tredje egg er eit resultat
av ein utanekteskapeleg romanse.
Plopp.
Det er opprørande, tenkjer ein medan fuglelivet kvitrar
meir eller mindre uskuldsreint i trekrona over oss. Med korte mellomrom tek fjørballane
ein avstikkar til ripsbærbuska og ribbar det som skulle bli syltetøy til
vinteren. Det har både ei god og ei dårleg side. Den gode er at stolen bær
ikkje treng å plukkast. Men så seier det plopp i kaffikoppen. Syndaren er ein
brungrå snittflygar på raid over hagebordet. Eg vurderer å hente fugleboka for
å få eit namn på sabotøren, men det er for varmt. Det var i alle fall ingen
dompap. Eg tek det for gitt at misferda er gjort av ein av dei promiskuøse. Eg
er ingen moralist. Men det er trass alt mindreårige involvert.
Sperm. Forskarar ved botanisk
institutt i Oslo er for tida i ferd med å analysere 9000 DNA-prøver frå heile
400 ulike fugleartar for å få oversikt over kven som har seg med kven.
Botanikarar henger seg ikkje opp i moral. Dei vil vite kvifor. Forskinga tyder så
langt på at trufaste fugleartane er
kjenneteikna av høg spermkvalitet. Dei forflogne har derimot dårleg sperm. Derfor må dei i
evolusjonens namn herje rundt på sjekkemarknaden som soldatar på helgeperm og gå til reirs med
kjende og ukjende. Berre på den måten kan dei sikre seg avkom og gi slekta dei
beste immunforsvarsgenane som set dei i stand til tole ein utsvevande livsførsel.
Leppestift
på snippen. Det har kanskje overføringsverdi til
menneskelege forhold. Det er eit evig underskot på truverdige forklaringar på
leppestift på snippen og alt for sein retur frå sommarfesten. Forklaringa frå
fugleriket er kanskje i tynnaste laget. Men utruskap for å betre immunforsvaret
til komande generasjonar verkar likevel noko
meir akseptabelt enn å seie at ein gjorde det fordi ein hadde lyst.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar