Mobbing og morgontrøytte ungdommar er ikkje noko
nytt under sola.
Vinterferien er her. Endeleg kan skuleungdommen få sove ut. Og
svevn treng dei. Skuleresultata blir truleg betre om vi ikkje tvingar dei til å
bryte seg opp til skulestart klokka halv ni. Ein time eller to ekstra på øyret
kan gjere underverk, meiner forskarane.
Men i vinterferien kan alle med ungar sjølve sjå at vi her har vi ei med ei
naturlov å gjere: Ungdom som ikkje må
opp, står ikkje opp. Og dei er alltid veldig morgontrøytte, same kor seint
på dag det lid.
Grunnlaus. Vinterferien er like unødvendig
som haustferien. Eller potetferien, som dei sa den gongen det var eit visst
poeng med ei friveke om hausten. Dette skriv kommentatoren Jan Erik Snoen.
Utspelet fekk full klaff og hausta lesarstorm - frå lærarar, elevar og foreldre.
Mange og lange feriar er tvert om av det gode, hevda pedagogane. Og foreldra
stemmer i: Når skal elles familiefolk kome seg til Syden om
vinteren?
Stemninga blant
historielærarane er også lys før vinterferien. Filmindustrien arbeider for dei.
Actionfilmen Birkebeinerne går på
kino. Filmen skildrar den farefulle ferda frå Borg til Nidaros for ein flokk
uflidde menn med never rundt leggene og
ein baby under pesken. Babyen var
kongsemnet Håkon Håkonsson, som baglarane ville ha livet av. Filmen
skildrar sverdkamp og halslaus laussnøkøyring i rasfarlege brattheng. Når dei
skjeggete heltane i tillegg viser omsorg for eit knusbedårande kongsemne, er
appellen brei og likestilt. Historikarane himlar nok litt med augo over at
birkebeinarane er velmeinte og humane norskpatriotar, medan baglarane er teikna
som svikefulle papistar som har selt seg til danskane. Men skit på. Ein må svelgje nokre kamelar for at elevane skal få
eit aldri så lite inntrykk av den urolege perioden vi kallar borgarkrigstida
(1130 – 1240) og som historielærarar
elles må hoppe lett forbi.
Mobbeprogram. For dei må
bruke historietimar på skulens anti-mobbeprogram. Skuleungdommen mobbar
nemleg kvarandre utan stans. Det var naturlegvis like gale i borgarkrigstida.
Ikkje berre tok dei ustanseleg livet av folk. Dei sette også stygge namn på
kvarandre.
Det er ei fattig trøyst at det var like gale før, men kanskje kan
vi bruke historia til å lære av: Vi kan ta utgangspunkt i dagens dato 20.
februar. Dette var truleg dagen for slaget på Re i 1163 - vel førti år før den strabasiøse turen med kongsemnet. Han
som vann var Erling Ormson. I ungdommen hadde han vore ein tur til Middelhavet for å sjå Roma, Konstantinopel og Det heilage land. Ved
Sicilia vart han ute for arabarar og fekk eit sabelhogg i halsen som gav han
varig mein. Meir skulle det ikkje til før han resten av livet måtte gå under
namnet Erling Skakke.
Kongedrap. Erling Skakke var mannen som tok
livet av de nyvalde kongen Håkon
Herdebrei ved Sekken. Han var formyndar for Inge Krokrygg. Då han gifte seg med dottera
til Sigurd Jorsalfare, viste det seg
at ho hadde eit barn frå eit tidlegare
forhold med Sigurd Munn, ein kar som
Snorre framstiller som ein sjarmør med eit misdanna munnparti, moglegvis
hareskår. Stesonen som Erling Skakke
fekk i hendene, hadde også blått blod i årane. Han kunne bli ein konkurrent om
kongetrona. Erling Skakke såg ikkje anna
råd enn å late han bli hengd ”som ein kråkeunge” i Bergen.
Oppgåve: Kva kan nedsetjande kallenamn og lytehumor ha hatt å seie for arvefølgjestriden i
borgarkrigstida? Grei ut.
Kjetil Tandstad
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar