Takk for påminninga om å flytte til
hovudstaden så snart vi har blitt pensjonistar og frie menneske. Men det blir
ikkje noko av.
Du har
rett i at vi ofte har snakka om alderdom
i hovudstaden: Vi skulle legge oss til bukkeskjegg
og hestehale og tråle galleri og antikvariat. Vi skulle gå på teater, kino og
opera og vere glade fans på første benk når jamaldringen vår Bruce The Boss kjem
på turné. Vårt vaksenliv skulle
avsluttast som vi byrja det: som
urbane livsnytarar, no også med pengar
til billetten.
Kost-nytte.
Men no, når vi endeleg snart kan rive oss laus frå bygdelivet, står det klart
for oss: Det blir ikkje noko av. Det er slett ikkje berre gammal vane som bremsar . Heller ikkje økonomien, trass
i dei mordariske bustadprisane i sentrale strok. Etter ei usentimental kost-nytte-vurdering har vi kome til at
utkantlivet har det meste av det byen kan varte opp med. Og litt til.
Det er
ikkje lenger by og land, mann mot mann, som i gamle dagar. No er vi av same
ulla. Vi er kopla opp mot det same internettet. Dei siste filmane frå Hollywood
treff våre ramnekrokar akkurat like tidleg som Saga og Klingenberg i Oslo
sentrum. Vi les dei same nettavisene og ser dei same You Tube-klippa. I vår
dagar drikk kristenfolket på bygdene vin til maten og har eit avslappa forhold
til sine skilte, sambuande eller homofile born. Anten vi bur i by eller bygd, blir
vi like forarga over han med gulrotsveisen og dei små hendene som kanskje skal bli
president i USA.
Verv. Men tenk
på debattane på Litteraturhuset og alle dei spennande organisasjonane, lokkar
du frå hovudstaden. Då veit du ikkje at sjølv dei minste kommunane på våre
kantar har eit organisasjonsliv som ein
mellomstor by. Det er dei same Tordenskjolds soldatar som held dei i gang. Dei
er til døden trøytte av tilliten dei
aldri blir kvitt. Innflyttarar blir tekne
imot med opne armar, berre dei tek på seg eit leiarverv. Det er klappjakt på musikalske
mannfolk . I vår vesle fjordarm er det tre store blandakor. Tiltakssame altar
og sopranar viser både kløkt og kløft når dei er ute for å kapre bassar, som alltid
er mangelvare. Nokre let seg verve og angrar ikkje. År etter år står dei der i
bakre rekkje og brummar, forkjælte av damene og
under omsorgsfull rettleiing av dirigenten.
Så er det
også dei enkle ting: Hus med hage rundt
og naust med eigen båt. Du har ofte
skrytt av ditt smale fjordgløtt mellom naboblokkene. Her hos oss er det utsikt i
widescreen gjennom stovevindauga. Såpass
må det nesten vere, synest vi.
To av ti. For det er mykje vakkert å
sjå på. I følgje ei fersk kåring ligg to av verdas ti på topp vakraste stader
her på Sunnmøre. Både Ålesund og Geiranger er med på
lista. Og kva har no Geiranger, som ikkje vi har, anna enn trafikkaos på land
og sjø, spør nabobygdene.
I desse
naturfagre bygdene kan du køyre privatbil med tilnærma godt samvit. Ingen kan krevje at du skal greie deg
med eit kollektivtilbod som knapt eksisterer. Vi har garasje
til bilen og vi er vane med å finne parkering der vi kjem. Vi kan gjerne
forlate bilen ulåst. Kriminaliteten er liten
og oversiktleg. Det har nok hendt at nokon har rana ein kiosk eller ein bank og fått lensmannen etter
seg, men biljakta stansar gjerne på ferjeleiet. Har ferja lagt frå land, ringer
lensmannen til skipperen og bed han gjere vendereis. Slikt får ryktet til å spreie seg i
fagmiljøet: Det er tryggast å vere forbrytar i tettbygde strok.
Hytte. Du skal vel på hytta på Hafjell som vanleg i
påska. Det er berre eit par timars
køyring. Ikkje for å skryte, men sjølv har vi
berre eit kvarter til skitrekk og dobbeltspora løypenett.
Går ein den vanlege løypa, men mot den
vanlege fartsretninga ein vanleg søndag, får ein sagt hei til
halve bygda i løpet av eit par timar. På bygda er det langt til naboen.
Her dreg ein til fjells for å vere
sosial.
Hytte har vi aldri skaffa oss. Når påska kjem,
slår vi av varmepumpe og taklys og fyrer
i peisen frå morgonen av. Om kvelden hentar
fram ein osande parafinlampe for stemninga si skuld.
Skål for
ei kortreist påske!
Sunnmørsposten 26.03.16 (påskeaftan, berre på nett)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar