I mørke og magre januar skal vi knipe att augo og tenkje
på nasjonens beste.
Det er
som det brukar vere på denne tida av året. Kakeboksane er tomme. Skinke og laks
og julemenner skal trimmast bort i løpet av årets første månad. Vi har skamlaust skjemt bort oss sjølve og kvarandre.
Kvar gledesstund vi har hatt, betalast skal med trim og vegetarbiff og raspa
gulrot til middag.
Også i politikken skal vi no svi for vårt tidlegare
lettsinn. Kommunalministeren har i eit par år reist landet rundt for å selje
sin ide om større og meir berekraftige kommunar. Han har ikkje lagt skjul på at
han vil spleise flest mogleg og særleg dei små. Derfor var også ministeren uvanleg
spandabel med pengar til grønsak-dip og
fruktfat for å stimulere til samrøre og legge grunnlag for mogleg romantikk. Som
kjærleg far lova han at det ikkje var snakk om arrangerte ekteskap. Han
forsikra at han har større tru på gulrot enn pisk. Han hadde eit ærleg ønskje om at kommunane skal følgje
sitt hjarte og berre gå i ekteseng etter eiga vilje og vurdering.
No er hekketida
snart over. 1. juli skal kommunene ha bestemt seg. Det store fleirtalet ser alt ut til å meine at borte er bra, men heime best. Det
er betre å vere ordførar i ein liten dam, enn byrådsleiar i ein stor, synest kommuneleiinga,
som er vel heime att, stinne av statlege godord og vakkert danderte gulrotrettar
spanderte over Statens regulativ.
Motsett privatlivet: I den magre kommunepolitikken er gulrota symbolet for dei
gode og ikkje dei tronge tidene. No er det slutt på godsakene. Det er tid for
handling, varslar fylkesmannen. Kommunane må naturlegvis gjere som dei vil, men
dei bør tenkje på kva som lønner seg. Berre i vårt fylke kjem kommunane til å tape
inntil 94 millionar kroner i tilskot frå staten dersom mange av dei ikkje finn saman i løpet av
første halvår.
Lokalpolitikken
er ein sjekkemarknad der ein helst går
etter rikdom og makt meir enn etter sitt eige hjartes lyst. Eit viktig grunnlag
for formannskapslovene, som vart pressa gjennom for snart 170 år sidan og som
la grunnlaget for det lokale folkestyret, var å svekke makta til dei leiande
klassene og overføre ho til lokalsamfunna. Det skulle bli mindre makt til konge
og regjering og meir til norske borgarar. No er det først og fremst regjeringa
som vil ha større og færre kommunar. For å utvikle lokaldemokratiet og gi meir
makt til borgarane.
Ordførar Eva Hove i Stordal vart stilt i utsikt at kommunestyret hennar skulle bli
erstatta av eit ”bydelsutval” om dei ville gå med i ein storkommune. Uttrykket ”bydelsutval”
får det til å knyte seg i magen min, grøssa ordføraren for rundt tusen
sjølvstendige stordalingar.
Eit grøss eller to treng ikkje vere til hinder for eit fornuftsekteskap for å sikre medgifta. Ho får
lytte til dronning Victorias råd til dottera, som grudde seg så frykteleg for
bryllaupsnatta: ”Close your eyes and think of England”. Også Eva Hove må
kanskje knipe att augo og tenkje på nasjonens beste. Gulrotfesten er forbi.
Pisken er vist fram. Vi har enno nokre månader på oss.
Petitsmp160116
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar