Den lykkelege sovjetstaten
Det
er nesten pinleg: Endå ein gong er nordmenn rangert blant dei lykkelegaste i
verda.
Støvet har lagt seg. Partane har takka kvarandre
for kampen. Den siste sovjetstaten er endå ein gong i
ferd med å vende tilbake til normalen.
Det var hotellkongen Olav Thon som i
valkampens hete meinte at kongeriket nærma seg forholda i gamle Sovjet. Den
gamle mannen med den raude topphuva hadde fått kritikk for si partistøtte og
vart djupt såra då det kom fram at alle ikkje var samde med han. Vellykka menneske
har vore forfølgde av småleg misunning og firkanta regelverk. Byråkratiet og skattetrykket
dreiv som kjent skipsreiar John Fredriksen til utlandet med alle sine
milliardar. Multimillionæren Stein-Erik Hagen klorar seg enno heroisk fast, men
forholda i fedrelandet er, slik han såg det like før valet, verre enn nokon
gong.
Spagat. Når partia barkar i hop ein gong annakvart år, gjeld det å setje
saker på spissen. Balansert tale har ingen sjanse. Skulle ein ta aktørane
bokstaveleg, sto vi i spagat mellom
ulukke og katastrofe og syndfloda truga frå begge sider. Nasjonen hadde nesten gått i
stå på grunn av firkanta reglar, eit umenneskeleg skattetrykk og eit allmektig
byråkrati som berre var ute etter å spenne krokfot på initiativ og tiltakslyst.
Om dei blå skulle ta over, ville det bli null skatt for
rikingane og vår felles oljeformue ville bli skusla vekk like raskt som hyra
til fulle sjøfolk.
Heldigvis
har roa og verdigheita på nytt senka seg over landet igjen og dei folkevalde er plutseleg mykje vanskelegare å få tak i på telefonen. Vi er tilbake til kvardagen og det norske
folket er seg sjølv likt. Vi klagar samstemt på vegane og på vêret, same kva
sosialt lag og politisk parti vi kjem frå. Vi fryktar for framtida, for
tryggleiken og for ville dyr, slik vi har gjort i tusenvis av år. Sju av ti trur
vi ikkje får god nok pleie når vi blir gamle. Fire av ti trur ikkje politiet vil rykke ut om
vi skulle trenge det. Rundt halvparten av oss går med angst for bjørn og ulv, fortel fersk
statistikk.
Lykkeland. Likevel lever vi altså i Lykkeland. Vekemagasinet Time, som driv måling av lykkenivået verda rundt , og
kan slå fast at vi nordeuropearane er lykkelegast også dette året.
Danmark og Norge har dei to første plassane. I Hellas, Italia, Portugal og Spania har innbyggjarane
hatt eit kraftig fall i lykkekjensla siste året. I Egypt ser dei endå mørkare
på livet. Dei aller minst lykkelege er innbyggjarane i Afrika sør for Sahara, viser
målinga.
Kåringa fortel oss at det er mykje sant i
den gamle visdom at det er betre å vere frisk og rik enn fattig og sjuk. Lykka følgjer pengestraumen, same kva
romantikarane trur om den slags.
Vi friske
og rike i nord veit å forvalte vårt pund
med omtanke. Vi held oss til dei vi har
mest til felles med og investerer ikkje våre pengar på lykke og fromme. I år har det norske oljefondet handla for 16
milliardar kroner i europeiske og amerikanske storbyar, men berre brukt 0,7
milliardar i ulykkelege Afrika.
Lykka
smiler til oss og vi kan glise breitt tilbake.
Til alle andre: Lykke på reisa!
(Smp 5.10.2013
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar