“Smiling
reduserer stress, senkar blodtrykket, gjer oss yngre, penare, styrkjer
samlivet, fjernar kroppsmerte og gir meir sex og suksess”.
Sjølv eit falsk og overflatisk smil er betre enn ærleg alvor - både i
skrift og tale.
Vi smiler meir enn før. Til og med ferjefolk
og bussjåførane smiler no. Dei var ein gong ansvarsfulle folk med lusekufte
under uniformsjakka og olje på fingrane. Dei tok seg pliktskuldig betalt for
billetten før dei gjorde det dei eigentleg skulle gjere: Føre skip og buss trygt
og sikkert fram. Mellom turane sjekka dei olje og lufttrykk og lytta etter
rådebank og falsk luft i motoren. Dei hadde ein alvorleg jobb å gjere og dreiv
ikkje med fjas. No sit dei i kvitskjorte og vest og smiler medan dei snakkar til
oss med flyvertinnestemme i mikrofonen: ”Vi håper de har hatt ein behageleg tur
og vi ønskjer passasjerane hjarteleg velkomne tilbake”.
Hjartegodt. Dei mange smilekursa har verka. I butikken smiler dei alle, heile
tida. Politikarar framstår aldri med bister framtoning sjølv om debatten blir oppheta.
No stikk dei kniven i motstandaren og vrir rundt med eit hjartegodt smil om
munnen.
Vi smiler med fjeset og vi smiler i
skrift. Dei uunngåelege smilefjesa har i år vore med oss i 30 år. Det var
informatikkprofessor Scott Fahlman som sette det heile i gang på eit
debattforum knytt til universitetet i Pittsburg, USA. Ikkje alle han debatterte
med forsto når han var alvorleg og når han spøkte. Smilefjeset var eit varsel
til mednerdar: Varsku her! Professoren prøver å vere morosam.
Sidan den gong har den vesle gule smileyen
gått sin sigersgang over verda. Det byrja på e-post og internett og tok
skikkeleg av på telefonen. “Få ræva i gir!J”, tastar
vi kvarandre med smilefjes som garanti for at mottakaren ikkje skal bli
fornærma. Sjefen sender ut høflege, men kommanderande epostar: ”All avspasering
utsett til oktober” før han sukrar pillen med eit gøyalt smil. Moderne ungdom
blir litt usikre dersom dei får ei melding frå vener og kjærastar utan smilefjes. Er avsendaren sur? Er
det meg det er noko gale med?
Kroppsspråk. Smilefjesa, med alle sine variantar, er eit forsøk på å erstatte
kroppspråket. No sender vi korte og skriftlege meldingar der det er lite rom
for nyansar. Då kan eit smilefjes, eit blunkefjes, eit latterfjes, eit
sjokkert, skeptisk eller ironisk fjes vere nyttig og kompakt tilleggsinfo til
mottakaren. I middelalderen skreiv ein utan punktum og komma og delte ordet når
ein kom til ein kant. Etter den digitale revolusjonen er det så som så med
korrekt tegnsetting og orddeling, men smilefjeset har vi bruk for. Dette er ikkje språkleg
forflating. Det er språkleg fornying, seier ho som blir kalla verdas fremste
smilefjesekspert, den amerikanske lingvistikkprofessoren Susan Herring.
Falske
smil. No er det vi som enno ikkje får oss til å
smile til folk digitalt, som skil oss ut. På endå eit område i livet er vi over-
og forbikøyrde med livsens breie piggdekk. Vi bør truleg skjerpe oss.
Smiling
- anten det no er med fjes eller tastetrykk – er bra for helsa,
seier ein annan amerikansk ekspert som
smiler til oss på nettet. Smiling reduserer stress, senkar blodtrykket, gjer
oss yngre, penare, styrkjer samlivet, fjernar kroppssmerte og gir meir sex og
suksess. Det gjeld også grinebitarar som ikkje meiner noko med det. Det hjelper
likevel.
“Et kranium kan ikke
smile. Ethvert smil, selv det hjerteligste, er derfor i bunn og grunn (dypest
sett) overfladisk”, uttalte den morosame alvorsmannen Fredrik Stabel. Eit gammalt ord
fortel at eit falsk smil aldri når opp til augo og derfor alltid kan avslørast.
Men nyare amerikansk forsking har vist at om lag 80 prosent av folket er i
stand til å smile falskt og likevel ha det rette ærlege glimtet i augo.
Kjetil TandstadJ
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar