Dei små vil bli store og dei store vil bli størst. Smått er ikkje lenger godt, for i politikken
er det kjøtvekta som bestemmer.
Jan Tore
Sanner er på farten som parmakar, koplar eller Kirsten Giftekniv - med riset
bak ryggen og pengepremie til alle som lovar å tre inn i ektestand. Kommunal-
og moderniseringsministeren vil ha norske kommunar til sengs med kvarandre. Det
skal vere flest mogleg under same dyne. Det skal skje så raskt ein berre kan.
Ikkje kjærleiken. Så lenge har han tråla fedrelandet med
lokking og truging, at det er i ferd med å få effekt. Det er ikkje kjærleiken
som driv oss i armane på kvarandre. Vi vil berre snakke om noko anna. Det er
ikkje sikkert det blir noko verre enn i dag, seier optimistane. Det er den
vegen vinden bles, seier realistane. Til og med politiske veteranar, som har brukt all si taletid på eigen navle og
skulekrins, opnar opp for omverda i rein utmatting. Når kvar tek sin, må eg ta
min, tenkjer ordførarane. Det er noko sårt i blikket deira og i den utstudert
avslappa måten dei går på som minner om dansefestane i ungdommen. Til yngre
lesarar: Det var der ungdom møttest og blei kjende før facebook og tinder.no.
I
ordførarfaktene kjenner vi att rølinga, dei fåfengte forsøka på å skjule kaldsveitten
og dei stive smila i vår generasjon når
vi skulle nærme oss det motsette kjønn i full offentlegheit. Alle dei pene
jentene sat ringside. Gutane skulle marsjere ledig og ubekymra med nygreidd
sleik over eit endelaust dansegolv for å by dei opp. Vi hugsar det keitete
bukket og alle katastrofane vi frykta kunne skje. Som at ein vart demonstrativt
oversett. Eller avvist, eller håna framfor ei fnisande jenterekkje: Danse? Berre begynn du, guten min. Eg kjem
om ei lita stund!
Speeddating. Slik kjennest det nok også for ordførarane
som driv speeddating med konkurrentar og gamle fiendar. Dei prøver å gløyme dei
tapte slag i fylkestinget. No smiler dei med alle tennene og held dørene opne
for kvarandre på veg inn til lange middagar og fortrulege kaffislabberas. Det
blir sondert og spandert i alle retningar. Alle er på jakt etter den mest
attraktive partnaren. Det gjeld å vere
frampå, vise sjarm og handlekraft. Den største tabben ein kan gjere, er ikkje å
bestemme seg før dei annonserer dei tre siste. Då er det alltid for seint og
ein innlandskommune kan stå att med valet mellom evig ungkarsstand eller
tvangssamanslåing med ein gjeldstyngd øykommune utan fastlandssamband.
På denne sjekkemarknaden nyttar det ikkje å
tenkje på utsjånaden. Her gjeld det å finne dei som er i minst mogleg økonomisk
krise. Skulle ein finne ein kandidat som er opplagt på eit sprell, veit ein at
tante Robek sit på galleriet. Så mykje som prøver ein på ei tilnærming som
ikkje skal munne ut i fullt ekteskap, er fylkesmannen på pletten og set begge
partar under administrasjon.
Store nok? Smått er ikkje godt nok lenger. Dei små vil
bli store og store vil bli størst. Ingen kan seie om vi ein gong blir store nok.
Kanskje ikkje ein gong når alle kommunar i Noreg ligg i same ekteseng. Stortingspresident
Olemic Thommessen er nummer to på den norske rangstigen. Berre Kongen er over
han. Når Kongen står på slottsbalkongen på
17. mai og vinkar i flosshatt, vinkar president Olemic i bunad frå stortingsbalkongen
litt lengre nede i bakken. Likevel er han ikkje heilt fornøgd.
Sjølvstende. Nyleg stod han fram og meinte at Noreg skulle
gi opp sitt sjølvstende frå 1814 og 1905 og bli ein del av ein ny fellesnordisk
forbundsstat. Alle fem nordiske landa skulle få felles parlament og regjering.
Det ville plassere oss blant dei 10 - 14 største økonomiane i verda. Vi ville
bli ein maktfaktor i EU. Det ville gitt oss plass rundt bordet i maktklubben
G-20, seier Thommessen.
Slikt er noko ein norsk Tommeliten aldri kan
håpe på.
Kjetil
Tandstad